Informasjon om digital signering av arbeidsavtale

Informasjon om digital signering av arbeidsavtale

Hareid kommune har tatt i bruk digital signering av arbeidsavtalar. Vi brukar signeringsportalen til Difi, med Posten som avsendar.

Kva tyder det for deg når du skal signere?
1. Du vil motta ei melding på e-post og/eller SMS. I meldinga ligg det informasjon om korleis du går fram for å logge deg inn i signeringsportalen. Til din informasjon har vi henta din kontaktinformasjon frå Kontakt- og reservasjonsregisteret.

2. Signering
Følg rettleiinga i portalen for korleis du skal signere.

3. Digital postkasse/lagring av avtalen
Har du digital postkasse (Digipost eller eBoks) vert det signerte dokumentet automatisk sendt til postkassa di. Det vert lagra der. Har du ikkje digital postkasse, må du sjølv syte for å lagre avtalen. Avtalen forsvinn frå signeringsportalen 24 timar etter at du har signert.

Utenlandske statsborgarar
Viss du ikkje har fått norsk fødselsnummer kan du bruke D-nummer for å opprette MinID, slik at du kan signere digitalt. Sjå meir informasjon om ID-porten: http://eid.difi.no/nb/id-porten

Dersom du har reservert deg mot digital post
Gi beskjed dersom du har reservert deg mot digital post.
Arbeidsavtalen vil i så fall bli sendt deg som brev i posten.