Løn, forsikringar og pensjon
Alle tilsette i Hareid kommune er omfatta av tariffavtale inngått med arbeidstakarorganisasjonane. Hovedtariffavtalen - KS
Hovudtariffavtalen regulerer løns – og arbeidsvilkåra for alle arbeidstakarar i kommunen. Tilsette i Hareid kommune er forsikra mot skader og ulukker i arbeidet. Forsikringa inkluderer gruppelivsforsikring, yrkesskade - og ulykkesforsikring. Vi har også ei fritidsforsikring.
Hareid kommune har pensjonsordning i KLP og Statens pensjonskasse. Pensjonsordninga vert i hovudsak dekt av arbeidsgjevar og kjem på toppen av løna. Visste du forresten at Hareid kommune som arbeidsgjevar betalar ein premie som svarar til ca. 8 % –15 % av løna for å finansiere rettigheitene innan pensjonsordninga? I tillegg betaler du sjølv opp til 2 % av pensjonsgrunnlaget, og ordninga gir då rett til alderspensjon/AFP, attføringspensjon/uførepensjon, ektefellepensjon og barnepensjon.
Informasjon om KLP
Informasjon om Statens pensjonskasse
Inkluderande arbeidsliv
Hareid kommune er som alle bedrifter i landet IA-bedrift, og er forplikta til å arbeide systematisk for å nå måla om eit meir inkluderande arbeidsliv. Dette inkluderer mellom anna å førebygge sjukefråvær, auke fokuset på jobbnærværet og hindre utstøyting frå arbeidslivet.
Bedriftshelseteneste
Hareid kommune har avtale om bedriftshelseteneste. Tenesta skal medverke til eit sunt og helsebringande arbeid.
Avonova
Fleksibel arbeidstid - hybrid arbeidskvardag
Enkelte har fleksible arbeidstidsordningar der dette kan gjennomførast av omsyn til publikum og interne arbeidsforhold. Tilsette med fleksitid har ein viss fridom når det gjeld start og avslutning av arbeidsdagen. Normalarbeidsdagen treng altså ikkje vere oppfylt kvar dag; nokre dagar kan du jobbe meir, andre dagar mindre.
Kompetanse
Hareid kommune er ein stor og viktig serviceleverandør for innbyggjarane. Kvaliteten på dei tenestene vi leverer er i stor grad avhengig av menneska i organisasjonen; våre kunnskapar, ferdigheiter, haldningar og personlege eigenskapar i møte med brukarane. Dette stiller store krav til kompetansen til dei tilsette i kommunen.