Ledige stillingar i Hareid kommune.
Søknadar på utlyste stillingar skal skje elektronisk vi webcruiter (lenka over her).
Søknadstips: Brukarrettleiing frå Webrecruiter.
Hugs dette når du søkjer stilling i Hareid kommune
- Du sender éin søknad for kvar stilling (stillingsnummer) du søkjer på.
- Namnet ditt vert offentleggjort i ei offentleg søkjarliste. Du kan be om at namnet vert unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. § 25 i offentleglova. Om vi ikkje kan innvilge søknaden, vert du varsla før søkjarlista vert publisert.
- Attestar og vitnemål kan du laste opp i Webcruiter, eller ta dei med til eit eventuelt intervju. Før vi kan fastsette løn, må vi ha motteke alle relevante attestar og vitnemål.
- For nokre stillingar (i skule, barnehage, helse- og sosialtenesta) vert det stilt krav til godkjent politiattest / tuberkulinprøve / undersøking for meticillinresistente gule stafylokokkar (MRSA). Dette skal ikkje følge søknaden, men leggast fram om du får tilbod om stilling, og aksepterer tilbodet.
- For nokre stillingar (sjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut, helsefagarbeidar med fleire) vert det stilt krav om autorisasjon eller fagbrev.
Treng du hjelp? Kontakt oss på telefon 70 09 50 00.