Utanlandsk søkjar

Utanlandsk søkjar

Som utanlandsk søkjar må du fylle nokre krav for at vi kan vurdere søknaden din på ei ledig stilling.

  • du må beherske norsk skriftleg og munnleg
  • søknaden må skrivast på norsk
  • attestar og vitnemål skal vere oversett til norsk
  • du må ha gyldig opphalds- og arbeidsløyve
  • du må leggje ved godkjenning av utanlandsk utdanning, sjå Utdanning fra utlandet | HK-dir (hkdir.no)
  • krev stillinga du søkjer på godkjenning/autorisasjon, må du leggje ved denne godkjenninga. Dette gjeld spesielt for helsepersonell. Statens autorisasjonskontor for helsepersonell gjev slik godkjenning Autorisasjon og lisens - Helsedirektoratet

Alle ledige stillingar i Hareid kommune blir lyst ut offentleg.

Om opphalds- og arbeidsløyve 

Borgarar frå nordiske land har automatisk arbeids- og opphaldsløyve.

Borgarar frå EU og EØS-land treng ikkje søkje om opphaldsløyve, men må registrere seg hjå politiet om dei ynskjer å opphalde seg i Norge i meir enn tre månader.

Borgarar frå andre land i verden: Arbeidssøkjarar frå land utanfor EU/EØS må ha eit skriftleg tilbod om arbeid for å få opphaldsløyve i Norge. Vilkåra for å få innvilga opphaldsløyve varierer i forhold til kva type stilling eller yrke det er snakk om. Les meir på UDI si heimeside

Om godkjenning av kompetanse

Arbeidssøkjarar, både norske og utanlandske, som har utdanning frå utlandet må leggje ved ei godkjenning frå HK-dir (Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse) i søknaden sin. Tidlegare låg dette ansvaret til NOKUT. 

For nokre yrker er det krav om autorisasjon  - gjort av offentleg mynde - for at du skal få jobb i Norge.
Statens autorisasjonskontor for helsepersonell er ei eining under Helsedirektoratet og gjev slik profesjonsgodkjenning for helsepersonell. Autorisasjon og lisens - Helsedirektoratet