Klagerett

Kva vedtak kan du klage på?

Du kan klage på enkeltvedtak jf. forvaltningsloven § 28. Delegasjonsreglementet sei noko om enkeltvedtak vi kan gjer og klagegangen.

Når kan du klage?

Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen må være postlagt før fristen går ut.

  • Har du ikkje mottatt vedtaket, er fristen tre uker frå du vart kjent med vedtaket eller burde ha skaffa deg kjennskap om vedtaket. 
  • For planvedtak som blir offentleg kunngjort, må du klage seinast tre veker etter kunngjeringsdagen.

Sjølv om du sender inn klagen for seint, kan vi i nokre tilfelle etter konkret vurdering behandle klagen. Sjå forvaltningslova sine reglar om å klage på vedtak etter fristen.

Kven kan klage?

For at vi skal behandle kunne behandle, må du vere part i saka eller ha rettsleg klageinteresse.

  • For at du skal vere part i saka, må vedtaket rette seg mot deg, eller direkte gjelde deg
  • For at du skal ha rettsleg klageinteresse må du ha tilknytning til saka. Du kan også ha ein rettsleg klageinteresse om du har ei viss tilknytning til saka. Dette gjeld naboar, gjenbuarar, bebuarar i nærområdet, velforeningar og interesseorganisasjonar der saka omhandlar eigedomen fysisk (sol, luft, lys og skuleveg) eller økonomisk (konkurranseforhold og verditap). Om du har rettsleg klageinteresse vurderer vi i kvart enkelt tilfelle.

Slik klagar du

Det enklaste for deg og for oss er at du leverer inn klagen elektronisk: lenke til skjema for klage på enkeltvedtak

Dersom du heller vil levere klagen som eit vanleg brev eller e-post må du gjere følgjande:

  • Det må kome fram i tittelen at det er klage på vedtak 
  • Det må kome fram kva vedtak du klagar på, for eksempel saksnummer eller namnet på saka det gjeld
  • Det må kome fram kva forhold du har til saka, for eksempel at du er søkjar, pårørande, nabo eller næringsdrivande i området
  • Grunngje kvifor du klagar, og skriv tydeleg korleis du ønsker vedtaket endra
  • Dersom du har ny informasjon som ikkje er omtala i saka, er det viktig at det kjem fram i klagen
  • Klagen må vere underskrive av deg eller din fullmektig, til dømes advokat

Dersom du ber om at gjennomføringa av tiltaket skal stoppast til klagen er avgjort, må du legge ved ein eigen forklaring for dette (utsatt iverksetting av vedtak).

Kvar sender du klagen?

Om du ikkje nytter deg av skjemaløysinga vår skal klagen sendast på e-post til: postmottak@hareid.kommune.no

Alternativt kan du sende klagen som brev til:

Hareid kommune
Rådhusplassen 5
6060 Hareid

Klage på vedtak knytt til personar (som inneheld personsensitiv informasjon) skal ikkje sendast på e-post. Her kan de nytte eDialog - sikker sending av post, innlevering av papir eller skjema.

Sakshandsaming, dokumentinnsyn og rettleiing

Den instansen som har gjort vedtaket det vert klaga på, skal også behandle klagen. Endeleg klagesinstans er beskrive i delegasjonsreglementet. Ved vedtak etter særlover er det oftast Fylkesmannen i Møre og Romsdal som er klageorgan.

Med visse avgrensingar har du rett til å sjå dokumenta i saka. Reglane om dette er forklart i forvaltningslova §§ 18 og 19. Du må i tilfelle ta kontakt med oss. Om kommunen gir avslag på krav om innsyn skal det vere skriftleg og det grunngjevast.

Vi kan også gje deg nærare rettleiing om retten til å klage, om framgangsmåten og om reglane for saksbehandling.

Kostnadar ved klagesaka

Det er tilgang til å kreve dekning for vesentlege kostnadar i samband med klagesaka. Føresetnaden er da vanlegvis at vedtaket blir endra til fordel for ein part. Reglane om erstatning for sakskostnadar er heimla i forvaltningslova § 36. Klageinstansen kan orientere deg om retten til å kreve slik dekning.

Relevante lenke

Forvaltningslova