Dine rettar

Dine rettar

Du kan utøve dine rettar ved å sende ein e-post til postmottak@hareid.kommune.no, eller ved å kontakte personvernombodet:

Karen Gurskevik

Interkommunalt arkiv Møre og Romsdal IKS 
Tlf.  920 76 580
personvernombud@ikamr.no

Du har som utgangspunkt krav på svar utan ugrunna opphald, og seinast innan 30 dagar.

Rett til innsyn

Du kan be om kopi av alle personopplysingar vi behandlar om deg. 
Les meir om retten til innsyn

Rett til korrigering

Om du ser at nokon av opplysingane ikkje er korrekte, eller du meiner dei treng å supplerast kan du krevje at kommunen rettar opplysingane.

For å be om retting av dine opplysningar, sender du oss ein førespurnad via eDialog. Skriv inn «Retting av personopplysing» i emnetittelen 
Les meir om retten til å rette eller supplere opplysingar

Rett til å slette

I gitte situasjonar kan du be oss slette opplysingar om deg sjølv om:

  • Formålet med personopplysingane er innfridd

  • Du trekk tilbake samtykke som du har gitt for behandling av personopplysing og det ikkje ligg føre noko anna behandlingsgrunnlag

  • Du har protestert mot behandlinga/kome med innsigelse og det ikkje finns meir tungtvegande berettiga grunnar til fortsatt behandling eller opplysingane vert brukt i marknadsføring

  • Personopplysingane vert behandla ulovleg

  • Personopplysingane må slettast for å oppfylle ein rettsleg forpliktelse etter EU-retten eller norsk rett som kommunen er underlagt

  • Opplysingane er samla inn i samband med informasjonstenester basert på samtykke frå born (frå 13 år).

For å be om sletting av dine opplysningar, sender du oss ein førespurnad via eDialog. Skriv inn «Sletting av personopplysing» i emnetittelen.

OBS: Vi gjer her merksam på at Hareid kommune som forvaltningsorgan har plikt til å ha arkiv. Det kan difor vere at vi er pliktig til å arkivere dine personopplysingar. Kommunen har og plikt etter rekneskapslova å oppbevare nokre opplysingar. Desse kan difor ikkje slettast.

Les meir om retten til sletting

Avgrensing av behandling

I enkelte situasjonar kan du også be oss avgrense behandling av opplysingar om deg. 

Du kan krevje avgrensing av behandling av personopplysingar dersom:

  • du meiner at opplysingane er feil

  • du meiner at behandlinga er ulovleg og du ikkje ønskjer sletting

  • du meiner at kommunen ikkje lenger treng opplysingane fordi formålet med behandlinga er oppfylt, men du som registrert har behov for dei for å fastsette eller gjere gjeldande eller forsvare eit rettskrav

  • du har kome med motføresenger mot behandlinga og vi ventar på kontroll av kor vidt kommunen kan behandle opplysingane.

For å be om avgrensbehandling, sender du oss ein førespurnad via eDialog. Skriv inn «Avgrensa handsaming» i emnetittelen.

Les meir om retten til avgrensing

Protestere mot ei behandling

Om vi behandlar personopplysningar om deg med grunnlag i våre oppgåver eller på bakgrunn av en interesseavveging, har du rett til å protestere på vår behandling av opplysingar om deg.

Om du vil protestere mot behandling, sender du oss ein førespurnad via eDialog. Skriv inn «Protest mot behandling» i emnetittelen.
Les meir om retten til å protestere

Dataportabilitet

Dersom vi behandlar opplysingar om deg med grunnlag i samtykke eller ein kontrakt, kan du be oss om å overføre opplysingar om deg til deg eller til annan behandlingsansvarleg. 
Les meir om retten til dataportabilitet

Klage på behandling

Vi håper du vil sei frå om du meiner vi ikkje held reglane i personopplysningsloven. Ta då kontakt med vårt personvernombod.

Du har rett til å klage til Datatilsynet om du ikkje er nøgd med den måten vi behandlar dine personopplysningar på. Du finn Datatilsynet sine kontaktopplysningar på www.datatilsynet.no.