Kameraovervaking

Kameraovervaking

Hareid kommune har teke i bruk kameraovervaking på desse områda:

  • Hareid skule uteområde
  • Utelageret
  • Rundt sanitæranlegg på Ovrasanden
  • Helsehuset

Overvaking via kamera kan vere eit inngrep i personvernet. Kva som er lov å overvake er lovregulert. Kameraovervaking er regelmessig overvaking av personar ved hjelp av automatisk kamera.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.
Omsyn til personvern

Omsynet til personvern vert i vareteke ved at:

  • opptaka vert lagra lokalt med SSIKT, som Hareid kommune har databehandlaravtale med
  • det er avgrensa kven som har tilgang til å sjå opptaka
  • det er avgrensing av tid for lagring av opptak
  • det vert gitt informasjon om overvaking til bl.a. tilsette, elevar og føresette og
  • område vert skilta
Område som vert overvaka

Det er kommunal eigedom som vert overvaka.

Ved Hareid skule er det skuleplassen og inngangane som vert overvaka.
Ved utelager er det plassen mot stadion som vert overvaka, der sand og anna utstyr vert oppbevart.
På Ovrasanden er det område rundt sanitæranlegget som vert overvaka.

Ved helsehuset blir fasade/gate overvaka, i tillegg til nærbilete ved inngangar. Venterom om ambulansegarasje vert overvaka i sanntid.

Kven kan sjå opptaka og kva skal dei nyttast til

Opptak kan berre utleverast til Politiet i forhold til straffbare handlingar eller ulykker. Opptaka kan ikkje utleverast til uvedkommande. Det kan vere mogleg å krevje innsyn dersom ein er ein del av opptaket. Det er då snakk om å sjå opptaket. Det er ikkje løyve til å publisere opptaket.

Skilting og sletting

All overvaking skal skiltast og dei som vert omfatta av overvakinga skal få særleg informasjon om dette. Skjult overvaking er ikkje tillate.

Skiltinga skal vere godt synlege og settast der det er vanleg å gå inn i området. Med det vonar vi å oppnå førebyggjande effekt.

Andre plikter

Det må etablerast internkontroll som gjer at lovverket vert følgt. Ved uønska hending knytt mot rutine skal det meldast avvik.

Datatilsynet - Kameraovervaking - kva er lov?

Datatilsynet - Spesielt om kameraovervaking arbeidslivet

Har de spørsmål kontakt Hareid kommune 70 09 50 00 eller postmottak@hareid.kommune.no