Eivind Longva, kommunalsjef sektor for læring og kultur Årsverk: 151,32
Tilsette: 189
Status / utfordringsbilete
Innanfor alle områder i sektoren er det stor aktivitet i høve til kompetanseutvikling både innan for kommunen, i regionen, og deltaking i nasjonale satsingar. Økonomisk er sektoren no på smertegrensa. I barnehage held vi bemanningsnorma, men ligg under landsgjennomsnittet, og dei fleste omliggande kommunar i kostnad per barn. På grunnskule ligg vi under dei fleste omliggande kommunar, og kommunegruppe i høve til kostnad per elev. Siste måling synte 17,7 elevar per lærar, men vi held truleg lærarnorma på grunn av kreativ organisering. Det er nesten berre byane i fylket som har høgare tal.
Dei kommunale barnehagane driv 2019/20 med maksimalt tal barn per eining. God omtale og høg kvalitet på tenestene har gjeve auka tal på søkjarar. Dette gjev lågare driftsutgifter per barn, og difor lågare tilskot private barnehagar. Dei kommunale barnehagane stettar per 01.11.19 den nasjonale bemanningsnorma. Slitasje på bygningane, og manglande vedlikehald, gjer kvardagen til både små og store vanskelegare både miljømessig, og i høve til reinhald og orden.
Sjølv med gjennomsnittleg store grunnskuleklasser og låge driftsutgifter per elev ser vi ei positiv utvikling både på resultat og miljømessige tilhøve. Godt kvalifiserte tilsette, og fokus på utvikling og kompetanse, er ein viktig faktor i den positive utviklinga. Vaksenopplæringa har lykkast med tilbodet til andre kommunar, og tener pengar på det. Inntektene for VO er overbudsjettert for 2019, og ansvaret syner difor eit dårlegare resultat enn det som er reelt.
Hareid kommune har, per 01.11.19, mottatt 7 av tildelte 10 flyktningar. Det er usikkert om kommunen får busette fleire i 2019. Kommune er oppmoda til å ta i mot også 10 i 2020. Utfordringar ein ser er å finne høvelege bustadar, usikker arbeidsmarknad, og langsiktige økonomiske utfordringar.
Kulturtilbodet innan bibliotek, kulturskule og anna fritidstilbod har ei jamn drift med små variasjonar. Re-opning av kommunal ungdomsklubb har vorte ein suksess.
Gjennomgang av alle delar av sektoren for å finne optimal/ berekraftig drift.
For å oppretthalde kvalitet og tilbod - vurdere organisatoriske endringar
Utvikle interkommunalt samarbeid om ulike oppgåver
Ny kommunal barnehage
Vidareutvikle det tverrfaglege samarbeidet i høve til oppvekstvilkår for barn og unge i Hareid.
Oppretthalde drift av kommunal ungdomsklubb.
Her kan du gå tilbake til budsjettsida
Her kan du lese heile budsjettdokumentet (økonomi og handlingsprogam 2020-2023)