Om sentraladministrasjonen - utfordringar og mål

Om sentraladministrasjonen - utfordringar og mål

Sentraladministrasjonen består av rådmann, assisterande rådmann, og staben med IKT og avdelingane Personal- og organisasjon, Økonomi og Servicetorg og politisk sekretariat. Avdelingane tek hand om dei sentrale stab- og støttetenestene i kommunen:

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Assisterande rådmann Kariann Bigseth Erlend Friestad      Årsverk:  15,9 inkludert rådmannen

Tilsette:   17 tilsette inkludert rådmannen

Status / utfordringsbilete

Kommunekompass- undersøkinga dokumenterer at vi har mykje ugjort når det gjeld kommunen som arbeidsgjevar. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og eit auka fokus på dette vil vere naudsynt i den komande omstillinga. Personal- og organisasjon utgjer berre tre årsverk, der nærare to er lønsarbeid. Samanlikna med andre er dette svært lågt for ein kompleks kompetanseorganisasjon med over 400 tilsette. Styrking av dette området kan gi gevinstar ved lågare sjukefråvær mv.

Servicetorg og politisk sekretariat har siste året fått betre bemanning på politisk sekretariat og informasjon, men manglar tyngre sakshandsamarkapasitet. Økonomiavdelinga er den av stabseiningane som er best bemanna, men det er lite rom for å hjelpe sektorane med økonomistyring, budsjett og kontrolleroppgåver. Kommunen manglar ressursar til å profesjonalisere og effektivisere innkjøpsarbeidet. Her er det potensiale til å redusere bruk av eksterne konsulentar og få betre utbytte av dei avtalane vi har inngått.

Ein ressurs er flytta frå Sektor for velferd til staben for å auke det overordna og tverrfaglege fokuset på IKT og digitalisering. Han skal i første omgang ha fokus på innføring av velferdsteknologi, i tillegg til andre utviklings- og driftsoppgåver på IKT-området.

Redusert bemanning i staben betyr at arbeidsoppgåver som no vert ivaretatt av staben må handsamast ute i sektorane, det er derfor naudsynt å sjå på effektivisering og kva staben kan bidra med for å spele sektorane gode.

Sjå rådmannen sin presentasjon av budsjettet frå folkemøtet 21. november.Mål / tiltak

Hareid kommune må ta ei strategisk val om kva ein vil staben skal vere for organisasjonen. Målet er at omstillingsprosessen vil vise kva behov sektorane har for administrativ støtte og korleis vi kan møte disse. Det er starta prosess med å vurdere potensielle gevinstar ved å styrke arbeidet med HMS/fråvær og innkjøp, sentralisering av fleire økonomi- og administrative oppgåver, samt på korleis arbeidet i avdelingane kan effektiviserast. Staben vil i 2020 bidra til innsparing i Hareid kommune ved å effektivisere drifta, ta over administrative oppgåver frå sektorane og vurdere innsparing ved interkommunalt samarbeid tilsvarande eit årsverk.

Her kan du gå tilbake til budsjettsida

Her kan du lese heile budsjettdokumentet (økonomi og handlingsprogam 2020-2023)