Rådmannen si innleiing til budsjettet

Rådmannen si innleiing til budsjettet

"Framtida er alltid usikker, men vi må gjere vårt beste for å førebu oss på den likevel".
Dette sa statsminister Erna Solberg i samband med at ho kommenterte arbeidet med perspektivmeldinga for 2020. Enkelt og godt sagt.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Rådmann Ragnhild Velsvik Berge Erlend Friestad   Oljerikdomen sitt handlingsrom må erstattast med vekst i andre næringar. Oppslutninga kring internasjonal handel er under press. Høgare konfliktnivå mellom stormaktene og nye barrierar mot handel kan gi svakare økonomi i store delar av verden. Det kan treffe ein liten og open økonomi som Norge hardt.  Vi er i gang med eit grønt skifte som kjem til å krevje omfattande tiltak. Eit sentralt spørsmål er korleis vi skal utvikle ein økonomi som er meir berekraftig og mindre oljeavhengig.

Krav til omstilling

Vi vert fleire eldre og mange unge står utanfor arbeidslivet. Samstundes krev arbeidslivet høgare kompetanse. Digitalisering fører til raske endringar både for bedrifter, enkeltmenneske og offentlege verksemder. Dette gir oss høve til å gjere ting meir effektivt, utvikle nye arbeidsplassar og gi betre tenester. Det vil også redusere behovet for arbeidskraft på nokre område og skape nye arbeidsplassar på andre. Det fører til behov for ny kompetanse, og at vi alle evner å omstille oss. Innbyggar som arbeidstakar.

Som følgje av aukande regelstyring har både samfunnet, og kommunen som organisasjon vorte meir komplisert. Utan kjennskap er det vanskeleg å sjå samanhengane, og forventingane kan vere større enn kapasiteten. Rådmannen plikter å legge fram eit budsjett i balanse, og kommunen må driftast i tråd med tilgjengelege midlar.

Her kan du lese heile budsjettdokumentet (økonomi og handlingsprogam 2020-2023)

Sjå rådmannen sin presentasjon av budsjettet frå folkemøtet 21. november.  Lågare inntekter - høgare utgifter

I 2020 får kommunesektoren omlag 3,8 milliardar lågare vekst i inntektene samanlikna med 2019. Dei offentlege utgiftene har auka mykje dei siste åra, og veksten i den offentlege økonomien må dempast for å ha konkurransekraft i den nasjonale økonomien. Vi er ein liten økonomi i verdssamanheng og kan ikkje leve lenge med svak kronekurs. Sentrale økonomar har peikt på dette i fleire år. Regjeringa har også varsla reduksjon i den offentlege økonomien i Perspektivmeldinga og i statsbudsjetta siste åra.

Samstundes vert det innført nye rettar og normer som fører til auka kommunale utgifter. Dette utan at det er tilsvarande kompensert i rammetilskotet, eller at ein i særleg grad kan ta betalt for den offentlege tenesteytinga.  Ved inngangen til 2020 merkar kommunar landet over at spådomar og signal om krav til omstilling har vorte ein realitet. Trass i dette er det liten eller bortimot ingen nasjonal debatt på grensengangen mellom det offentlege og det private ansvaret. Det er for lite handlerom, for store oppgåver i høve inntektene, for mange vedlikehaldsbehov som ikkje kan dekkast, og for mange investeringsbehov som må settast opp mot behov for personale til å utføre dei mange kommunale oppgåvene.

Som leiar for Verdenskommisjonen for miljø og utvikling uttrykte Gro Harlem Brundtland seg slik om bærekraft (1987): «Bærekraftig utvikling er en utvikling som tilfredsstiller dagens behov uten å ødelegge fremtidige generasjoners muligheter til å tilfredsstille sine behov.»

Ny teknologi - nye moglegheiter

Vårt oppdrag er å legge til rette for at det samfunnet vi skal overlate til våre barn er velfungerande. Både alderssamansetning og rask endring i teknologi og samfunnsutvikling gjer dette til ei krevjande, men spennande oppgåve. Ny teknologi gir uante muligheiter og vil hjelpe oss i ei  tid der alle må effektivisere, og arbeide på nye måtar for å gjere meir med mindre ressursar. Det handlar om å gjere dei rette tinga rett.

Både endring og standard på tenester vert sentralt i tida som kjem. Vi må alle vere budde på å ta større ansvar for oppgåver som det offentlege har i dag.  Endring i alderssamansetninga vil føre til at ein må flytte pengar frå barnehage- og skuledrifta til pleie- og omsorgstenestene. Pleie- og omsorgssektoren må omstille og frigjere midlar til omfordeling av ressursar for å dekkje opp aukande behov. Dette krev radikal tenking og nye måtar å organisere drifta på. Oppgåvegliding mellom dei ulike profesjonane er essensielt for å få nok fagfolk i nær framtid.  Vi må frigjere høgt utdanna personell frå oppgåver som andre kan gjere. Dette krev ei ny profesjonstenking og difor må dette på den nasjonale dagsorden. Slik vert det også fleire arbeidsoppgåver for dei som fell utanfor arbeidslivet i dag.

Balansegang

I omstilling er plankompetanse og god samfunnsplanlegging avgjerande element. Dei tekniske tenestene har eit omfattande ansvarsområde; frå små detaljar til dei store samanhengane. Oppgåvene er store og ressursane små der ein tilsett oftast har mange ansvarsområde. Vi må framover søke meir driftssikre løysingar innanfor dette området. Kunsten vert å finne balansegangen mellom kompetanse og kapasitet på den eine sida, og ynskje om nærleik og detaljkunnskap på den andre sida.

Økonomiplanen er bygt på ein del usikre faktorar. Her er ingen reservar i budsjettet. Vi har henta ut maksimalt i utbytte på aksjar og inntektsføring av premieavvik frå pensjon. Positivt premiavvik er ei forskyving av rekneskapsførte pensjonskostnader som er basert på stor usikkerheit. Hareid har hittil tent mykje på å ikkje binde renta, men lånegjelda er tilsvarande eksponert for risiko ved eventuell renteauke.

Fleire eldre

Vi må førebu samfunnet på færre yngre i høve eldre. Vi må legge til rette så dei eldre kan klare seg lengst mulig i eigen heim. Når fleire må bu heime vert det desto viktigare med dagaktivitetstilbod, og at samfunnet generelt er lagt til rette for det.  Ny teknologi vert sentralt. Vi må vri ressursar frå dei som kan greie seg sjølv til dei som ikkje kan gjere det. Vi må legge til rette for fleire sjølvbetjeningsløysingar av ulike slag, for trygge og lett framkomelege vegar, butilbod tilpassa den enkelte, og hindre utanforskap mellom mykje anna. Vi må i størst mulig grad førebygge i staden for å behandle. Ein må prioritere og gjere politiske retningsval.

Robek har gitt etterslep

Hareid kommune ber preg av å ha vore på Robek i mange år. Her er store investeringsbehov og endå større etterslep på vedlikehald. Vi har no kartlagt bygningsmassen og er i ferd med å digitalisere denne. Neste år vert prioritering sentralt. Gjennom ein vedlikehaldsplan må ein ta stilling til om det lønner seg å halde ved like eller starte på nytt. Ny type drift kan krevje ny bygningsmasse. Dette bør vurderast på barnehage. Og kanskje kan ein moderne sjukeheim i kombinasjon med omsorgsbustadar og ulike dagsaktivitetstilbod i sentrum vere det rette for Hareid.

Kommunen må redusere drifta med om lag 15 millionar kroner i løpet av handlingsplanperioden. Dette talet kan endre seg i løpet av perioden, avhengig av sentrale føringar og eventuelle politiske retningsval.  Grunnen til at vi har hamna i denne situasjonen er samansett. Størst utslag har store sentrale lønsoppgjer, mindre overføringar frå staten, kostnadskrevjande bemanningsnormer i skule og barnehage og auka utgifter til rente og avdrag frå investeringsbudsjettet. Grunna lang tid med underbemanning har det vore stort etterslep på samfunnsutvikling. Ein har auka desse tenestene siste åra.

Vurdere tenestetilbod, organsering og standard

Likeeins har det vore på velferd, men her ser ein i tillegg at sektoren har utfordringar med å drifte innanfor tildelte budsjettrammer. Sektoren leverer gode tenester, men ein må på nytt vurdere både tenestetilbod, organisering og standard på tenester. Vi lever i eit samfunn i rask endring, og som i næringslivet stiller dette krav til konstant omstilling, også for alle i kommunal sektor.

Dei største utfordringane for Hareid framover vil vere å:

  • Finne sin plass i regionen og bygge felles identitet i bygda. Kva er Hareid sitt potensiale, og kva vil vi samle oss om ?
  • Bygge kunnskap om kommunen sitt oppdrag i lokalsamfunnet der innbyggjarane, administrasjonen og politikarane på grunnlag av gjensidig forventnings- og ansvarsavklaring, har felles syn på kva som er det heilskaplege bildet
  • Lage ein kommuneplan som fungerer som eit overordna styringsverktøy
  • Etablere eit langtidsbudsjett og prioritere framtidige investeringar til eit nivå som balanserer med driftsutgiftene.
  • Dreie ressursbruken for å prioritere tenestene der brukarane vil ha størst behov.
  • Førebyggje utanforskap og integrere så mange som mogleg i arbeid og aktivitet.
  • Heilskapleg bustadpolitikk
  • Bidra til vekst i Hareid gjennom å legge til rette for ei attraktiv bukommune, bidra til auka konkurransekraft i næringslivet blant anna ved å fokusere på havrommet som ein ny vekstarena.

Felles ansvar

Den politiske og administrative leiinga har eit felles ansvar for å løyse dei økonomiske utfordringane. Dei tillitsvalde og brukarutvala skal vere sentrale samarbeidspartar. Den nye kommunelova pålegg kommunestyret eit tydelegare ansvar for økonomisk styring med krav om økonomiske måltal.

For å lukkast i dette arbeidet er det heilt sentralt å vere ein god arbeidsgivar slik at ein både kan bygge, behalde og rekruttere ny kompetanse. Kampen om arbeidskrafta er alt i gang, og dette strammer seg til. Rådmannen vil difor prioritere kompetanseutvikling i alle ledd. I første omgang treng vi ei god leiaropplæring, slik at leiarane kan ta dette arbeidet vidare på ein god måte.

Her kan du gå tilbake til budsjettsida