Status / utfordringsbilde
Innanfor alle områder i sektoren er det stor aktivitet knytt til kompetanseutvikling både innan for kommunen, i regionen, og deltaking i nasjonale satsingar. Hareid kommune er med i satsinga Inkluderande barnehage- og skulemiljø, og er i tillegg utpeika som ei av 13 kommunar til å prøve tiltak for tidleg innsats i både barnehage og skule. I barnehage held vi bemanningsnorma, men ligg under landsgjennomsnittet, og dei fleste omliggande kommunar i kostnad per barn. På grunnskule ligg vi under dei fleste omliggande kommunar, og kommunegruppe når vi samanliknar kostnad per elev. Siste måling synte 15,6 elevar per lærar, men vi held truleg lærarnorma på grunn av kreativ organisering.
Dei kommunale barnehagane driv med høgt tal barn per eining. God omtale og høg kvalitet på tenestene har gjeve auka tal på søkjarar. Dette gjev lågare driftsutgifter per barn, og difor lågare tilskot private barnehagar. Dei kommunale barnehagane stettar den nasjonale bemanningsnorma. Slitasje på bygningane, og manglande vedlikehald, gjer kvardagen til både små og store vanskelegare både miljømessig, og når det gjeld reinhald og orden.
Sjølv med gjennomsnittleg store grunnskuleklasser og låge driftsutgifter per elev ser vi ei positiv utvikling både på resultat og miljømessige tilhøve. Godt kvalifiserte tilsette, og vektlegging av utvikling og kompetanse, er ein viktig faktor i den positive utviklinga. Vaksenopplæringa har lykkast med tilbodet til andre kommunar, og tener pengar på det.
Hareid kommune har, per 01.11.2020, mottatt sju av ti tildelte flyktningar. Det er usikkert om kommunen får busette fleire i 2020. Kommune er oppmoda om å ta i mot 11 i 2021. Utfordringar vi ser, er å finne høvelege bustadar, usikker arbeidsmarknad, og langsiktige økonomiske utfordringar.
Kulturtilbodet innan bibliotek, kulturskule og anna fritidstilbod har ei jamn drift med små variasjonar. Re-opning av kommunal ungdomsklubb har vorte ein suksess.
Mål / tiltak
- Gjennomgang av alle delar av sektoren for å finne optimal/ berekraftig drift.
- For å oppretthalde kvalitet og tilbod - vurdere organisatoriske endringar
- Ny kommunal barnehage som erstatning for dei to sentrumsbarnehagane
- Vidareutvikle det tverrfaglege samarbeidet rundt oppvekstvilkåra for barn og unge i Hareid.
- Oppretthalde drift av kommunal ungdomsklubb.
Budsjett
Læring og kultur
|
Budsjett 2020
|
139 150 100
|
Sum konsekvensjustering
|
- 781 091
|
Andre endringer: Artsavhengighet (pensjon mv)
|
2 057 559
|
Prisjustering
|
2 249 162
|
Sum konsekvensjustert budsjett utan tiltak
|
142 675 730
|
|
|
Valte driftstiltak
|
|
Læring og kultur : Kompetanseløft 2021. (31)
|
-400 000
|
Læring og kultur : Flytting bibliotek. (20)
|
60 000
|
Læring og kultur : Nye lisensar og serviceavtalar bibliotek. (21)
|
80 000
|
Læring og kultur : Redusert overføring til privat barnehage. (34)
|
-2 000 000
|
Læring og kultur : Rensing og vedlikehold av stoffmøblar i Bibliotek. (22)
|
20 000
|
Sum valte tiltak
|
-2 240 000
|
|
|
Kommunedirektøren sitt framlegg til ny ramme i budsjett 2021
|
140 435 730
|
Sektoren er pålagt eit kutt i høve ramma for 2020 om ein ser vekk frå prisjusteringa. Dette gjeld i all hovudsak reduserte overføringar til private barnehagar.
Driftstiltak
020: Læring og kultur : Flytting bibliotek kr. 60 000,-
Frysing av alle media grunna skadedyr, samt kostnadar rundt flytting elles.
031: Læring og kultur: Kompetanseløft 2021kr. - 400 000,-
Eit samarbeidsopplegg mellom sektor for Læring og kultur og sektor for Velferd.
021: Læring og kultur : Nye lisensar og serviceavtalar bibliotek kr. 80 000,-
Nye lisensar og serviceavtalar knytta til meirope bibliotek.
034: Læring og kultur : Redusert overføring til privat barnehage. kr. -2 000 000
Innsparing pga fleire barn i dei kommunale barnehagane.
022: Læring og kultur : Rensing og vedlikehold av stoffmøblar i Bibliotek kr 20 000
Rensing og vedlikehald av stoffmøblar i biblioteket.
Investeringstiltak
Nye tiltak
051: Læring og kultur : Bibliotek diverse løysinga kr. 700 000,-
Eit bibliotek som stettar behova til publikum og lettar kvardagen for dei tilsette. Tilgangskontroll, kameraovervåking, utlånsautomatar, elektronisk innleveringshylle, talevarsling, utlånsløysing nettbrett, elektronisk hyllelesar og digitale infoskilt.