Sentraladministrasjonen: mål, utfordringar og budsjett

Sentraladministrasjonen: mål, utfordringar og budsjett

Sentraladministrasjonen består kommunedirektør, assisterande kommunedirektør, og staben med folkehelse- og SLT-koordinator, avdelingane Personal og organisasjon, Servicetorg og politisk sekretariat og Økonomi. 
Årsverk: 15,4 inkludert kommunedirektøren
Tilsette: 17 tilsette inkludert kommunedirektøren

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

 Status / utfordringsbilete

Kommunekompassundersøkinga har vist at vi har mykje ugjort når det gjeld kommunen som arbeidsgjevar. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og eit auka fokus på dette vil vere naudsynt i tida framover, men stadige omstillingar. Ein har difor valt å styrke avdelinga Personal og organisasjon med ei 50-prosent-stilling. Dette er ei auke frå 3 til 3,5 årsverk for avdelinga, og den er fortsatt svært lågt bemanna for ein organisasjon av vår storleik, men vi håper at tiltaket vil bidra til eit meir merksemd rundt mellom anna helse-, miljø og tryggleik og sjukefråvær i organisasjonen. 
Servicetorg og politisk sekretariat har fått eit større ansvar for digitalisering og har som følgje av det hatt ein del omfordeling av oppgåver mellom medarbeidarar. Avslutting av avtalen om drift av sentralbord som vi har med Vanylven, vil også medføre eit ekstra press på denne avdelinga. Også i økonomiavdelinga har ein gjort ei omfordeling av oppgåver i forbindelse med at skatteoppkrevjar vart gjort til ei statleg oppgåve frå november. Ein har i forbindelse med dette prioritert å sette av ressursar til å jobbe meir direkte mot sektorane med kontrolleroppgåver og budsjett. 


Folkehelse- og SLT-koordinator er flytta frå sektorane Samfunnsutvikling og Læring og kultur til Sentraladministrasjonen. Dette utgjer til saman ei 50 % stilling. IKT-ressursen som i 2020 vart flytta frå sektor Velferd til Sentraladministrasjonen vert no flytta vidare til Eigedomseininga i sektor Samfunnsutvikling, då ein ser at der er eit stort behov for styrking på handsaming av hjelpemiddel og drift av velferdsteknologi i sektor Velferd. Stillinga vert lagt til Eigedomsavdelinga for å oppnå størst mulig grad av synergiar mot den kompetansen som alt er der og redusere sårbarheita ved eventuelt fråvær. 

Det er i budsjettet for 2021 lagt inn oppretting av ei stilling som innkjøpskoordinator lagt til Sentraladministrasjonen. 
Sentraladministrasjonen si største utfordring er at vi har få personar fordelt på eit svært bredt spekter av oppgåver og ansvarsområder. Dette gjer oss svært sårbare ved mellom anna fråvær.    

Mål / tiltak

Sentraladministrasjonen skal syte for naudsynte stab- og støttetenester til kommunen sine tenesteytande einingar.  
Politikarar, publikum, samt andre offentlege og private verksemder skal få naudsynt og korrekt informasjon og service, utan unødig ventetid.  

Sentraladministrasjonen skal vere utviklingsorientert og ha eit spesielt ansvar for at heile kommunen si verksemd er i tråd med lov og retningslinjer og syte for at kommunen sitt omdøme vert forvalta på ein god måte. 
Sentraladministrasjonen skal vere pådrivar i arbeidet med Losen 2025, og aktivt bidra til at kommunen når målsettingane sine

Budsjett

Budsjettet for 2021 er jevnt over strammere for sektorane enn 2020. Det vil vere utfordrande for alle sektorane å halde budsjetta sine i 2021, og det vil krevje ein kontinuerlig vidare prosess på omstilling. 

Sentraladministrasjonen

Budsjett 2020

   18 976 454

Sum konsekvensjustering

-       283 348

Andre endringer: Artsavhengighet (pensjon mv)

-         61 971

Prisjustering

 279 437

Sum konsekvensjustert budsjett utan tiltak

   18 910 572

 

 

Valte driftstiltak

 

Sentraladministrasjonen : Innkjøpskoordinator (23)

101 914

Sentraladministrasjonen : Valår (19)

129 100

Sentraladministrasjonen : Ta tilbake sentralbordet (29)

-200 000

Sum valte tiltak

31 014

 

 

Kommunedirektøren sitt framlegg til ny ramme i budsjett 2021

18 941 586

Sentraladministrasjonen sitt budsjett for 2021 lågare enn for 2020, samtidig som dei vert pålagt fleire oppgåver. Sentraladministrasjonen har også avgitt 100 % stilling frå IKT til Eigedomsavdelinga og har fått 50 % stilling tilbake (folkehelsekoordinator som no er organisert under Rådmannskontoret).

Driftstiltak

023 Sentraladministrasjonen: Innkjøpskoordinator
Det er behov for og etterlyst av mellom anna næringslivet at det vert oppretta ei stilling som innkjøpskoordinator. Dette for å syte for å ytterlegare bygge opp kompetanse på innkjøp i eigen organisasjon i staden for å bruke eksterne konsulentar på innkjøp og kontrakt. Planen er å i all hovudsak finansiere stillinga gjennom prosjekt på investering, men noko av den må nok belastast drifta. Det er lagt inn halvårseffekt i 2021, og heilårseffekt vidare i handlingsplanen.

019 Sentraladministrasjonen: Auke i forbindelse med gjennomføring av val

Det er valår anna kvart år. Det skiftar og på om det er kommuneval eller stortingsval (meir arbeid og dyrare ved kommuneval). Året mellom valåra er det sett av midlar til kurs for å halde oss oppdatert.

029 Sentraladministrasjonen: Avslutte avtale om drift av sentralbord med Vanylven kommuneOm vi avsluttar avtalen om drift av sentralbordet vil vi kunne spare inn 200 000. Ulempa vert sjølvsagt ekstra belsastning på tilsette i servicetorg og politisk sekretariat. Det vert utfordrande med alltid to på jobb og avlastning ved ferie og sjukdom. Andre i sentraladministrasjonen og eventuelt i sektorane bør kanskje inn på ei vaktliste for å få dette til.

Investeringstiltak

041 Sentraladministrasjonen: Startlån     kr. 4 000 000,-
Ramme for vidare utlån til startlån. Ingen konsekvens for driftsbudsjettet.