Handlings- og økonomiplan 2023-2026

Handlings- og økonomiplan 2023-2026

Her finn du all informasjon du treng for å halde deg oppdatert på budsjettet for neste år og økonomiplanen i åra som kjem.

Trykkar du på «knappane» over kjem du direkte til dei ulike temaartiklane og dokumenta.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

17. november: Formannskapet fekk fyrste innsyn i budsjettdokumentet. Då orienterte kommunedirektør og økonomileiar om budsjettet og korleis administrasjonen hadde jobba.

22. november: Kommunedirektør og økonomileiar orienterte om handlings- og økonomiplan 2023-2026. Orienteringa vart sendt digitalt.

Den politiske handsaminga av budsjettet startar med handsaming i hovudutvala, næring- og miljøutvalet og levekårsutvalet. Eldreråd, ungdomsråd og råd for menneske med nedsett funksjonsevne  var ogs¨tilstade under orienteringa. Dei kan levere uttale til budsjettet.

23. november: Formannskapet handsama budsjettet. Vedtaket dei gjer blir lagt ut til høyring. 

23. november – 7. desember: Alle som ønsker de kan sende inn høyringssvar. Les meir om korleis her.

8. desember: Kommunestyret vedtek endeleg budsjett.