Skriftleg spørsmål: Uroa over trafikksituasjon

Skriftleg spørsmål: Uroa over trafikksituasjon

Skriftleg spørsmål frå Ranja Dimmen Alme, Folkelista, og Ragnhild Nedrelid, Arbeidarpartiet til ordføraren.

 

Les svaret frå ordføraren lenger nede.

Vi er svært uroa over trafikksituasjonen spesielt frå Gåsneset og vidare til krysset til Korshamna/ Hjørungneset og til Liavågen/ Leira . Vegen er kommunalt eigd der mjuke trafikantar deler veg med enorm mengde tungtrafikk, store vogntog og lastebilar  , som køyrer til og frå industriområdet. Den kommunale vegen er smal, dårleg stand og med ein krapp sving som gjer den uoversiktleg. Borna som går eller syklar på skule, fritidsaktivitetar eller skal / får besøk av venner må dele denne smale vegen med vogntog og lastebilar som kjøyrer for ofte i for høg hastigheit .  Kortsiktige tiltak må settast inn i påvente av resultat av trafikk tryggingsplanen. Kommunen må legge til rette for å ivareta fleire  interesser – både eit aktivt og godt næringsliv, tilhøva for mjuke trafikantar, gode arbeidsforhold for sjåførar, og interessene til innbyggarane i området. Vi / Formannskapet bed NMU snarast ta opp saka i samband med den nye trafikktryggingsplanen. Ein start kan vere å arrangere eit dialogmøte med idrettslag, dei største bedriftene og politisk leiing . Møtet må få fram dei ulike interessene. Det må munne ut i snarleg kortsiktige løysingar og ei meir langsiktig løysing ved t.d. ny gangveg. 

 

Vi / FSK ynskjer at vegeigar Møre og Romsdal fylke  og  NMU gjennomfører liknande møter knytt til tiltak mellom Holstad/Brekkane og mot Hareid ungdomsskule. Her er det farlege kryssingar kvar dag. Overåsvingen er kritisk, samt området ved Bigset skule. Alle desse stadene er å sjå på som prekært farlege og må ein finne løysingar både på kort og lengre sikt.

 

Svar frå ordføraren:

Takk for gode innspel.

Så langt i arbeidet med  trafikktryggingsplanen ligg følgande fysiske tiltak inne i området ved Hjørungavåg:

Overåsvingen:

  • Fartsgrense: redusert fart frå 80 km/t – 60 km/t
  • Undergang/ tilrettelagt kryssingspunkt over Fylkesvegen
  • Gang/sykkelveg Hareid- Overåsanden- Hjørungavåg

Ulset:

  • Redusert fartsgrense ved busetnaden på Ulset
  • Ulset: Gang-/sykkelveg


Bautevegen:

  • fartshumpar

Liavågen-Jomsvoll-Korshamna:

  • Gang- /sykkelveg

Gåsneset

  • Gang-/sykkelveg

Det ligg også inne forslag om ei generell gjennomgang av alle fartsgrenser og gatelys langs kommunale veger i Hareid kommune. Her må ein utarbeide og vedta ein ny skiltplan på strekningar der det er behov for redusert fartsgrense.

Hareid kommune ser at det er behov for kortsiktig tiltak for økt trafikktrygging på den omtalte vegen frå krysset til fylkesvegen til Pelagia.  Her er det mykje tungtransport i samband med industriområde, og fleire born som går og syklar til skule og fritidsaktivitetar.  Lavere fart vil gi bedre opplevd trygghet for fotgjengere og syklister, og dessuten redusere ulykkesrisikoen.

Med bakgrunn i dette har eining for kommunalteknikk og VAR satt i gong arbeid med politisk sak om nedsetting av fartsgrensa i området. Dette vert eit førebels vedtak fram til eit meir langsiktig tiltak er på plass, med forhåpentlegvis ein ny gong-/sykkelveg.  Saka må opp i NMU, FSK og KST og ut på høyring.

Når det gjeld spørsmålet om andre kortsiktige tiltak i kommunen ved:

  • Kryssing av fylkesvegen ved Bigset skule
  • Rundkøyringa på Holstad er det planlagt ein ny undergang
  • Overåsvingen

 

er det også her foreslått ei rekke gode langsiktige tiltak i samband med trafikktryggingsplanen. Dette er tiltak på fylkesveg, og spørsmål om kortsiktige tiltak må difor gå inn mot fylkeskommunen.

 

Med vennleg helsing

Bernt Brandal

Ordførar

Artikkelliste