Har du høyrt om open talarstol?

Har du høyrt om open talarstol?

Før møta i kommunestyret kan innbyggarar i Hareid få taletid der dei kan stille spørsmål eller kome med gode idéar for Hareid-samfunnet.

Erlend Friestad  

Før kvart ordinære kommunestyremøte og før det ordinære møtet blir sett, kan innbyggjarar i Hareid kommune kome med meiningsytringar eller stille spørsmål frå kommunestyret sin talarstol.

  • Det kan vere ein god idé for Hareid kommune du vil leggje fram.
  • Det kan vere eit spørsmål du vil stille dei folkevalde eller administrasjonen.
  • Det kan vere ein visjon for Hareid-samfunnet.
  • Eller det kan vere noko anna du meiner passar å ytre frå talarstolen i kommunestyret.

Spørsmåla og ytringane skal helst vere av prinsipiell karakter og skal gjelde kommunale tilhøve. Det er heller ikkje lov å ytre seg eller ta opp saker som står på saklista.

Kjenner du at du brenn inne med noko? Send inn spørsmålet eller tema/skisse for ytringa di til ordførar innan tre dagar før kommunestyremøtet. Du kan nytte dette skjemaet eller skrive e-post.

Etter at du har fått ordet vil den som spørsmålet er retta mot svare deg. Det kan vere ordføraren, ein av medlemmane i kommunestyret eller kommunedirektøren. Det kan hende at svaret må vente til neste møte dersom det er tenleg. (Dess tidlegare du sendar inn eit spørsmål, dess større sjanse er det for at den som skal svare har fått budd seg og kan gi eit godt svar.)

Det vil vere høve til oppfølgingsspørsmål eller replikk.

For fullstendige reglar for open talarstol, sjå reglement for folkevalde og folkevalde organ i Hareid punkt 3.4.

Artikkelliste