Her kan du førehandsrøyste i Hareid til stortingsvalet 2025

Her kan du førehandsrøyste i Hareid til stortingsvalet 2025

Her får du oversikt over moglegheitene for førehandsrøysting i Hareid kommune til stortingsvalet 2025.

Førehandsrøysteperioden

Frå 11. august startar den ordinære førehandsrøysteperioden. Den vil i hovudsak skje på rådhuset, anten i resepsjonen eller i kommunestyresalen:

Opningstidene vil vere alle kvardagar:

  • 11. august til og med 15. august klokka 10-14
  • 18. august til og med 29. august klokka 09-15 på rådhuset
  • 1. september til og med 5. september klokka 10-18 på rådhuset
  • I tillegg langope til klokka 20 torsdag 28. august og 4. september på rådhuset

 

Hugs legitimasjon!

I førehandsrøysteperioden - til og med 5. september, kan du i tillegg røyste i alle andre vallokale i landet.

Her er ein oversikt over kvar og når du kan førehandsrøyste i nabokommunane våre.

Dersom du MÅ røyste utanom oppsett opningstid, kan du ta kontakt med valansvarleg i Hareid kommune, Erlend Friestad, på e-post for å sjå om det er mogleg å finne alternativt tidspunkt.

LES OGSÅ: Så mange har førehandsrøysta i Hareid kommune

Førehandsrøysting på sjukeheimen / Hadartun

2. september klokka 10-14 innanfor hovudinngangen

Du treng ikkje vere bebuar eller tilsett for å nytte deg av dette tilbodet. Det er ope for alle.

Denne dagen vil vi også gå rundt til brukarar/pasientar som må røyste på romma sine.

 

Røyste heime?

Dersom du ikkje kjem deg til eit vallokale på valdagen eller i førehandsrøysteperioden på grunn av sjukdom og uførheit, kan du søkje om å få røyste heime. 

Frist for å søkje om ambulerande røysting er torsdag 4. september klokka 12. 

Les meir om kven som kan få heimerøysting og korleis her.

 

Avslutta: Tidlegrøysteperioden

Tidlegrøysteperioden er ein del av førehandsrøystinga, men med ein litt anna og enklare prosedyre. Denne perioden er meint for dei som ikkje har høve til å røyste i ordinær førehandsrøysteperiode eller på valdagen. 

Merk: Vi spør ikkje om grunn, så i praksis kan kven som helst nytte tidlegrøysteperioden for å røyste.

Tid: Alle kvardagar frå 3. juli til og med 8. august, klokka 10-14

Stad: Resepsjonen på rådhuset – inngang frå Rådhusplassen

Dersom du MÅ røyste utanom oppsett opningstid, kan du ta kontakt med valansvarleg i Hareid kommune, Erlend Friestad, på e-post for å forsøke å finne alternativt tidspunkt.