For å få røyste i valet, må du kunne legitimere deg.
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.
Legitimasjonen må innehalde namn, fødselsdato og bilete. I tillegg må det har eit offisielt preg.
Døme på godkjent legitimasjon er:
- pass
- førarkort (også digitalt)
- bankkort med bilete
- nasjonalt ID-kort
Anna legitimasjon kan også godkjennast, men det vil bli vurdert i kvart enkelt tilfelle.
Spesielt ved førehandsrøystinga på Hadartun: Mange som bur på institusjon har ikkje legitimasjon. I desse tilfella kan tilsette på sjukeheimen gå god for identiteten til brukaren. Den tilsette må i so fall kunne legitimere seg. (Det vil vere førehandsrøysting på Hadartun tysdag 5. september mellom klokka 10-14).
Publisert 10.08.2023 09:41
Sist endra 29.08.2023 10:31