Bustadadresse
Har du flytta til ein anna kommune etter 30. juni, er du registrert i manntalet i den kommunen du flyttet frå. Det er i den kommunen du er manntalsført i, du kan røyste i på valdagen. Dersom du ikkje har moglegheit til å røyste i kommunen du er manntalsført i på valdagen(-ane), kan du førehandsrøyste i heile landet, men røysta di blir talt i kommunen du er manntalsført i.
Røysterett
Røysterett stortingsvalet:
Norske statsborgarar som
- vil ha fylt 18 år innan utgangen av valåret og som
- er, eller nokon gong har vore, folkeregisterførte som busette i Noreg. Tilsette i diplomatiet eller konsulatstellet og husstanden deira har røysterett sjølv om dei ikkje oppfyller busetjingskriteriet.
Sjekke eller rette mantalet?
Dersom du meiner at du sjølv eller nokon andre, urettmessig er blitt innført eller utelate frå manntalet i kommunen, kan du krevje at feilen blir retta.
Kravet må vere skriftleg, grunngjeve og må sendast til valstyret i kommunen. Du kan nytte denne lenka. Eller sende brev til
Valstyret i Hareid kommune
Rådhusplassen 5
6060 Hareid
Manntalet for Hareid kommune er tilgjengeleg for offentleg ettersyn på servicetorget på rådhuset. Det er også mogleg å ringe sentralbordet på 70 09 50 00 for å sjekke manntalet eller sende e-post til postmottak@hareid.kommune.no.
Dersom du har spørsmål om manntalsføring, utover å sjekke om du eller andre står/ikkje står i manntalet, kan du kontakte valansvarleg Erlend Friestad på e-post: erlend.friestad@hareid.kommune.no.