LegitimasjonFor å få røyste i valet, må du kunne legitimere deg.Legitimasjonen må innehalde namn, fødselsdato og bilete. I tillegg må det har eit offisielt preg. Døme på godkjent legitimasjon er:passførarkort (også digitalt)bankkort med biletenasjonalt ID-kortAnna legitimasjon kan også godkjennast, men det vil bli vurdert i kvart enkelt tilfelle. Vi vil også kunne godkjenne legitimasjon som er utgåtte på dato, så lenge det er mogleg å sjå at personen på biletet er same som skal røyste.Spesielt ved førehandsrøystinga på sjukeheimen: Mange som bur på institusjon har ikkje legitimasjon. I desse tilfella kan tilsette på sjukeheimen gå god for identiteten til brukaren. Den tilsette må i so fall kunne legitimere seg. Publisert 10.08.2023 09:41 Sist endra 12.08.2025 11:28