Parkering på valdagen

Parkering på valdagen

På valdagen er det berre mogleg å røyste på rådhuset. Vi har lagt til rette for at det skal vere enkelt å parkere.

Dersom du kjem med bil til rådhuset på valdagen, er det tre plassar som er særskild sett av til veljarar:

  1. heile parkeringsplassen utanfor rådhuset på Rådhusplassen
  2. Bankplassen
  3. sørleg del av parkeringa ved Strandgata

 

Sjå kartskisse:

kart der parkeringsplassane er markerte - Klikk for stort bilete

Vi opnar også opp inngangsdøra til rådhuset mot Strandgata, slik at de som parkerer på Bankplassen eller ved Strandgata slepp å gå rundt rådhuset for å kome dykk inn.

OBS: Denne inngangen er ikkje tilpassa rullestol/gåstol og liknande, så rørslehemma må parkere på rådhusplassen.