Så mange røysta på førehand i Hareid kommune

Så mange røysta på førehand i Hareid kommune

1092 personar røysta på førehand i kommune- og fylkestingsvalet i 2023. Det vil seie at vi nådde målet om 1000 førehandsrøystarar - og vel så det.

To personar som sit klare til å ta imot røyster. Urne og val-PC-ar på bordet framfor dei. - Klikk for stort bileteLinn Urke og Helga Bøe var nokre av dei som var med og tok imot førehandsrøyster frå veljarar i Hareid kommune. Erlend Friestad

Dersom valdeltakinga i år blir lik kommunevalet i 2019, vil det svare til at 43,8 prosent av dei som røysta, røysta før valdagen.

Ein slags rekord

Dette er eit stykke frå den kanskje uslåelege rekorden frå 2021. Då blei folk oppmoda om å førehandsrøyste for å unngå kø på valdagen. Då røysta heile 64 prosent – 1750 veljarar – på førehand.

Årets førehandsrøystetal er likevel ein klar nummer to. Ikkje nokon andre år enn det covid-dopa året 2021 har fleire førehandsrøysta enn i år.

Valdagen

På valdagen kan du som er røystefør innbyggar i Hareid bruke alle dei fire vallokala vi har. Du kan til dømes røyste i Bigset krins sjølv om du er busett i Hareid krins – og omvendt.

Her kan du lese når og kvar du kan røyste på valdagen.