Her kan du røyste på valdagen

Her kan du røyste på valdagen

Her er ein oversikt over alle stadane du kan røyste på valdagen 11. september.

På valdagen 11. september, kan du berre røyste i den kommunen du var busett i per 30. juni.

Innbyggarar i Hareid kan røyste her:

  • Hareid krins: Hareid rådhus, klokka 09-21

    • Kommunestyresalen, inngang frå Rådhusplassen
    • Parkering: Rådhusplassen, Bankplassen, andre oppmerka parkeringsplassar som ikkje er reserverte. Det er oppmerka HC-plassar.

 

  • Hjørungavåg krins: Hjørungavåg skule, klokka 13-19

    • Gymsalen
    • Parkeringsplassen ved skulen. Veljarar med behov for HC-parkering kan køyre bort til gymsalen

 

  • Bigset krins: Bigset skule, klokka 13-19

    • Klasserom til høgre når du kjem inn hovudinngangen
    • Parkeringsplassen ved skulen. Veljarar med behov for HC-behov kan køyre inn til døra, eventuelt køyre inn frå Bernvegen

 

  • Brandal krins: Brandal friskule, klokka 13-19

    • Gymsalen
    • Parkering for dei som ikkje går, inne på skuleplassen. Pass på at det er god plass til dei som treng å parkere nærme inngangen.

Røysteføre innbyggarar i Hareid kan røyste i alle krinsane, uavhengig kvar dei bur. Det vil seie at du kan godt røyste på Bigset sjølv om du bur i sentrum - og omvendt.

Hugs legitimasjon!

Les også: