«Ambulerande stemmegiving», som det kallast, er eit tilbod til dei som på grunn av sjukdom eller av andre grunnar ikkje kan oppsøke eit av vallokala i førehandsrøysteperioden eller på valdagen. Målet er at alle som vil røyste skal få røyste.
Når du røyster heime vil to valfunksjonærar kome til deg med røystesetlar og urne.
Vis du ønsker å røyste heime (eller på annan plass der du oppheld seg), må du søke om det. Det einaste du må gjere er å skrive skrive at du er sjuk eller ufør og at dette gjer det umogleg å røyste ein annan stad. Du treng ikkje legeerklæring og skal heller ikkje fortelje kvifor du ikkje kan kome deg til eit vallokale.
Frist for å søkje om heimerøysting er torsdag 4. september klokka 12.
Heimerøystinga vil normalt skje i perioden 2.-6. september, men vi kan gjere unnatak ved spesielle høve. Ta kontakt med valansvarleg Erlend Friestad på telefon 97 14 35 43 (frå 7. august) eller e-post erlend.friestad@hareid.kommune.no for å søke og avtale tid og stad for heimerøysting.