Gatelys
Det er Eviny som driftar gatelysa på dei kommunale vegane. På nettsida deira kan du melde inn feil.
Meld feil på veglys/gatelys
Dersom lyspunktet er grått, er det sannsynlegvis fylkesveg. Sjå korleis du melder inn feil på fylkesveg lenger nede.
Melde feil på veg
Før du melder er det viktig at du finn ut om vegen er kommunal veg eller fylkesveg. Dette kan du gjere i dette kartet. Det er berre feil på kommunale vegar som skal meldast inn til kommunen.
Kommunal veg
Bruk skjemaet til å melde inn feil på kommunal veg.
Fylkesveg
Hareid kommune har ikkje ansvar for feil på fylkesvegane i kommunen. Feil her må meldast til Statens vegvesen.