Søknad om tilknytning skal sendast inn via Entreprenørportalen.
Det er berre registrerte føretak med org. nr. som kan nytte Entreprenørportalen, vi behandlar derfor ikkje søknadar frå private.
Om du ikkje er registrert som brukar av Entreprenørportalen, kan du gjere det her.
Søknad om tilknyting skal innehalde:
- Detaljar om aktuell eigedom/bygg
- Detaljar om arbeidet
- Skisse over planlagt tiltak
Søk i god tid før gjennomføring av tiltaket, minimum 15 arbeidsdagar
Når arbeidet er ferdig, må du levere ferdigmelding - også dette i Gemini Entreprenørportal. Kommunen kan foreta kontroll før ferdigmeldinga vert godkjent.
Ved andre tiltak, som ikkje gjeld tilkopling til kommunalt nett, skal det framleis nyttast aktuelle skjema på nettsida til kommunen. Dette gjeld til dømes ved føring av overflatevatn til vassdrag og etablering av private avløpsanlegg, der ein må søke om utsleppsløyve. Link til skjema finn ein her.
Kommunen kan krevje at den enkelte eigedom skal vere tilknytt kommunale vass - og avløpsleidningar dersom leidningane går i nærleiken av eigedommen og det ikkje medfører ein uforholdsmessig stor kostnad. Reglane for dette finn ein i plan- og bygningslova § 27-1.
Graving på kommunal grunn krev graveløyve. Informasjon om graving i både privat og kommunal grunn finn du her.
Om du må legge leidningar over andre sin grunn, er det tilrådd å inngå ein skriftleg avtale med grunneigar. Denne avtalen kan med fordel tinglysast.