Tilknytning til kommunale vass- og avløpsleidningar

Tilknytning til kommunale vass- og avløpsleidningar

For tilknyting til kommunale vass - og avløpsleidningar må det søkjast Hareid kommune om løyve. Ansvarleg søkjar skal vere røyrleggar med ansvarsrett. 

Søknad om tilknytning skal sendast inn via Entreprenørportalen. 

Søknaden skal innehalde:

  • Detaljar om aktuell eigedom/bygg
  • Detaljar om arbeidet
  • Skisse over planlagt tiltak

 

Om du ikkje er registrert som brukar av Entreprenørportalen, kan du gjere det her

Når arbeidet er ferdig, må du levere ferdigmelding - også dette i Gemini Entreprenørportal. Kommunen kan foreta kontroll før ferdigmeldinga vert godkjent. 

Kommunen kan krevje at den enkelte eigedom skal vere tilknytt kommunale vass - og avløpsleidningar dersom leidningane går i nærleiken av eigedommen og det ikkje medfører ein uforholdsmessig stor kostnad. Reglane for dette finn ein i plan- og bygningslova § 27-1. 

Graving på kommunal grunn krev graveløyve. Informasjon om graving i både privat og kommunal grunn finn du her.

Om du må legge leidningar over andre sin grunn, er det tilrådd å inngå ein skriftleg avtale med grunneigar. Denne avtalen kan med fordel tinglysast.