For å knyte seg til kommunale vass - og avløpsleidningar må det søkjast Hareid kommune om løyve. Ansvarleg søkjar skal vere røyrleggar med ansvarsrett. Det skal leggjast ved skisse av planlagt tiltak.
Søknad om tilknytning skal sendast inn via Entreprenørportalen.
Søknaden skal innehalde:
- Detaljar om bygget der arbeidet skal utførast
- Detaljar om arbeidet
- Skisse over planlagt tiltak
Kommunen kan krevje at den enkelte eigedom skal vere tilknytt kommunale vassleidningar dersom leidningane går i nærleiken av eigedommen og det ikkje medfører ein uforholdsmessig stor kostnad. Reglane for dette finnast i plan- og bygningslova § 27-1.
Graving på kommunal grunn krev graveløyve. Informasjon om graving i både privat og kommunal grunn finn du her.
Om du må legge leidningar over andre sin grunn, er det tilrådd å inngå ein skriftleg avtale. Denne avtalen kan med fordel tinglysast.