Avkøyrselsløyve

Avkøyrselsløyve

 Vil du lage ny avkøyrsel til kommunal veg, til fylkesveg eller endre eksisterande avkøyrsel? Då må du søkje om det! 

Avkøyrsel til kommunal veg

Søknadsskjema til ny avkøyrsel til kommunal veg eller å endre eksisterande avkøyrsel finn du ved å trykke her. 

Kva må søknaden innehalde?

Når vi skal behandla søknaden, er det viktig at vi får tilsendt all nødvendig informasjon. Søknaden må innehalde følgjande:

Informasjon om søkar
Du må gi opp om du søker på vegner av deg sjølv, ein annan privatperson eller ei verksemd. E-post og mobiltelefonnummer bør leggast inn, slik at vi kan kontakta deg i samband med søknaden.

Informasjon om eigedom du søker avkjørsel til
Du må gi opp adressa eller gards- og bruksnummer til eigedommen det blir søkt for.

Situasjonsplan
Du må legga ved ein situasjonsplan for eigedommen som viser:

  • Bygningar
  • plassering av avkjørsel med tilknyting til offentleg veg
  • utforming og målsatt bredde
  • snumuligheter
  • eventuell biloppstillingsplass

Grunngiving
Grunngje kvifor du søker om ny eller endra avkjørsel. Du må opplyse om forventa trafikkmengde i avkjørselen og om det er person- eller lastebil som skal nytta avkjørselen.

Søkar du om avkjørsel for ein tidsbegrenset periode må varigheit givast opp og blir grunngitt.

Nabovarsel

Dersom avkøyrselen berører naboeigendom, må naboen varsles. Kopi leggast ved i søknaden.

Avkøyrsel til fylkesveg

Dersom det gjeld avkøyrsel til Fylkesveg, må du søkje hos Statens Vegvesen. Les meir her på nettsidene til Statens Vegvesen.

Kontakt oss viss du har spørsmål!

Har du spørsmål, eller er det ting du ønskjer å avklare før du sender inn søknaden? Kontakt oss på: postmottak@hareid.kommune.no