Graving og anna arbeid i offentlege areal
Denne informasjonen gjeld graving og liknande arbeid i kommunale vegar, grøntområde og liknande i Hareid kommune. Kommunen har klare instruksar for slikt arbeid, då det er viktig at vass – og avløpsleidningar, vegar og andre kommunale areal ikkje vert skada. Det skal også vere trygt for dei som ferdast i arbeidsområdet.
Krav til den som skal utføre arbeid i kommunale areal er godkjenning som entreprenør og kurs i arbeidsvarsling. Også dei du hyrer inn må vere kvalifiserte. Du har ansvar for oppfylling av vilkåra til jobben er ferdig. Ved brot på vilkåra kan du få bøter eller miste retten til å grave.
Det er søknadsplikt for graving i offentlege areal, dette i følgje paragraf 57 i veglova. For kommunale vegar skal søknaden sendast til Hareid Kommune. For riks - og fylkesvegar skal søknaden sendast til Statens vegvesen. Det er ulovleg å starte opp arbeidet utan godkjenning.
Søknad skal leverast inn via Gemini Entreprenørportal: https://geminientreprenorportal.no
Om du ikkje allereie er registrert, kan du gjere det her: https://tenantmanager.onpowel.com/Registration
Søknaden skal innehalde:
- Kart som viser kvar du skal grave/arbeide
- Detaljar om arbeidet
- Skiltplan
- Risikoanalyse
- Arbeidsvarslingsplan (denne skal sendast inn på same skjema som tidlegare, men vi ønsker at det vert lagt ved ein pdf saman med gravesøknad i Entreprenørportalen)
Når arbeidet er ferdig, må du levere ferdigmelding - også dette i Gemini Entreprenørportal. Kommunen kan foreta kontroll før ferdigmeldinga vert godkjent.
Misbruk av opplysningar frå Entreprenørportalen vil medføre sanksjonar.
Utdjupande informasjon om lover og reglar for graving og anna arbeid i Hareid Kommune sine areal finn du i dokumentet «Grave – og arbeidsinstruks for Hareid Kommune» nedanfor.
Grave- og arbeidsinstruks for Hareid Kommune.pdf (PDF, 2 MB)
Jobben må elles planleggast i samarbeid med andre aktørar som har kablar eller rør i området. Ta kontakt med dei enkelte i god tid før graving. Nedanfor er det lista opp ein del aktørar som kan ha rør eller kablar i Hareid kommune. Lista er ikkje uttømmande, relevante aktørar kan endrast .
Straum: Mørenett AS
E-post: post@morenett.no
Telefon: 70 05 01 00
Fiber: Tussa Fiber
E-post: kundesenter@tussa.no
Telefon: 70 04 63 00
Telefonkablar: Geomatikk AS (På vegne av Telenor)
E-post: gravemelding.trondheim@geomatikk.no
Telefon: 09146
Andre installasjonar
Aktuell grunneigar
Om du har spørsmål til kommunen, ta kontakt på e-post: postmottak@hareid.kommune.no eller telefon: 70 09 50 00