Vinterdrift / snøbrøyting

Vinterdrift / snøbrøyting

Vinterdrift omfattar brøyting, snørydding og eventielt bortkøyring av snø, høvling av snø-/issole, samt strøing.

Hareid kommune har ein eigen brøytar elles leiger vi inn eksterne brøytarar for å utføre snøbrøytinga. Dei har beredskap i tida frå 1. november til 15. mars.

Kommunen er inndelt i 7 brøyteroder. Sjå kart i menyen til høgre for oversikt over kva vegar som vert brøytte. 

Kven har ansvaret?
  • Kommunen sitt ansvar:
    Vinterdrift av det kommunale vegnettet med tilhøyrande gang-/sykkelvegar vert utført av Hareid kommune, anten i eigen regi eller ved innleigde eksterne. 
  • Fylkeskommunen sitt ansvar:
    Statens vegvesen har ansvar for vinterdrift på Hareidsvegen (fv 61), Brandalsvegen (fv 5888) og Hjørungavågvegen (fv .5886).
  • Privat ansvar:
    Private vegar elles, skal driftast og haldast vedlike av dei som eig/brukar vegen i samsvar med Veglova § 54. Brøytekantar mot private vegar og innkøyringar må vedlikehaldast (fjernast) av den enkelte eigar eller velforening. 
  • Generelt:
    • Brøytestikker er svært viktige for tryggleiken til brøytemannskapa og bilførarar generelt. Vi oppmodar om at brøytestikkene må få stå i fred.
    • Vis tolmod og køyr varsamt. Vær spesielt merksam på mjuke trafikantar!
    • Har du spørsmål ta kontakt med Hareid kommune.
Kven eig vegen?

Informasjon om vegen finn du enkelt her i vegkartet til Statens vegvesen.

 

Snø og skade på privat eigedom?

Vi vil prøve å vise omsyn til private når vi brøyter, men vi må prioritere trafikktryggleik og mogelegheita til å kome seg fram. Den nytten eigedomar som grensar til offentleg veg har av å få rydda vegen for snø, blir mellom anna sett på som større enn ulempene ved at noko av snøen hamnar på privat grunn. Derfor må eigedomar som grensar til offentleg veg, rekne med at noko av snøen som blir brøyta eller fresa hamnar inn på privat grunn. 

Dersom vi har brøyta snø inn på din eigedom, ber vi om at den ikkje blir flytta ut igjen på fortauet eller ut i køyrebana. På denne måten sikrar vi tryggare og enklare tilhøve for mjuke trafikantar og bilistar.

Skade på privat eigedom
Dersom vårt vintervedlikehald er årsak til skade på privat eigedom, ber vi om at dette vert meldt  skriftleg til oss:

  • Gje ei kort forklaring på kva skade som har skjedd
  • Tidspunktet for skaden
  • Legg ved bilete som syner tydeleg kva som er skada
  • Meldinga kan sendast til postmottak@hareid.kommune.no

Kontakt

Tone-Lise Osnes
rådgjevar
E-post
Mobil 91 65 67 57
Harald A. Berstad
fagkoordinator veg og gatelys
E-post
Mobil 97 03 77 70