Hareid kommune lanserer turistinformasjon på nett

Hareid kommune lanserer turistinformasjon på nett

Dette er sommaren «alle» skal feriere i Noreg. Då ønsker vi å inspirere både tilreisande og innbyggarar til å nytte tilboda i Hareid kommune.

Hareid kommune har mange lett tilgjengelege fjelltoppar med godt utstyn over hav, fjord og Sunnmørsalpane. 

Koronapandemien har gjort at mange har fått endra ferieplanane sine. Ein god del hadde lagt opp til utanlandsferie som no har gått i vasken på grunn av reiseråda frå helsemyndigheitene.

Det betyr at mange heller vil dra på Noregs-ferie, og fleire av dei har enno ikkje bestemt seg for kvar. Hareid kommune ønsker derfor å inspirere alle som vurderer ferie på Sunnmøre til å ta eit stopp i Hareid.

Følg turistinformasjonen frå Hareid på Facebook

Reiselivsprosjekt

I vår har Hareid kommune vore med på ei reiselivssatsing saman med fire andre kommunar – Ulstein, Herøy, Vanylven og Sande. Det har kome mykje spanande ut av dette prosjektet, og fleire konkrete resultat er venta.

Vår turistinformasjon på nett er eit supplement til dette arbeidet, og er like mykje retta mot eigne innbyggarar, og dei som vurderer å flytte hit, som tilreisande.

- Hareid har mykje spanande å by på. Eg håpar denne portalen også kan vere ein inspirasjon for innbyggarane våre til å teste ut å vere turist i eigen kommune, seier Erlend Friestad, informasjonskonsulent i Hareid kommune.

Han har vore med i prosjektgruppa saman med kulturkonsulent Christine Riise Øvrelid, prosjektleiar i Vekst i Hareid, Julie Sundgot Andersen og varaordførar Annika Brandal.

LES MEIR: Sjå turistportalen til Hareid kommune her

Bli med og skryt!

Prosjektgruppa håper at folk er flinke til å skryte av heimstaden sin i sosiale medium.

- Del vidare artiklane frå turistinformasjonen, følg oss på Facebook og merk gjerne Hareid når de deler bilete frå kommunen med emneknaggane #hareid, #mitthareid, #sunnmøre og #visitsunnmøre, seier varaordførar Annika Brandal.

Turistinformasjonen skal vere eit levande produkt og vil bli oppdatert hyppig i sommar. Framleis er det stader og aktiviteter som ikkje har fått eigen artikkel.

- Vi blir veldig glade om de sender oss tips, innspel og bilete vi kan bruke på nettsida, seier informasjonskonsulent Friestad.