Ryddar fram krigs- og kulturminne på Kvitneset

Dersom du har vore på tur til Kvitneset i det siste, har du kanskje sett endringar i landskapet og at krigs- og kulturminnna har blitt meir synlege.

Klikk for stort bileteKrigsminne som tidlegare har vore delvis skjult av vegetasjon, er no rydda fram gjennom prosjektet. Christine Riise Øvrelid  

Tidlegare i år fekk Hareid kommune tildelt midlar til eit prosjekt på Kvitneset. Dei skal brukast til skilting, skjøtsel og tilrettelegging av kulturminne, historiske vegar og friluftsområdet på Kvitneset.

Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom Hareid kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Brandal Vel. Midlane er er ein del av tiltakspakkane i samband med koronapandemien.

Det har vore tilsett tre personar i ei periode til å tilrettelegge området på Kvitneset og til å rydde vegetasjon og søppel. No er krigsminna meir synlege og meir tilgjengelege i landskapet. Det er mykje arbeid over eit stort område som no er utført. Stor takk til Severin Eilertsen, Anoyan Ravichsandran og Jonas N. Brandal som har utført dette arbeidet.

Klikk for stort bileteFør og etterbilete av veg og krigsminne. Christine Riise Øvrelid   Vegen til Kvitneset er ein smal grusveg. Denne er no ordna og ny drenering og grus er på plass. Dette betyr at vegen er meir køyrbar for dei som ikkje sjølv kan ta gå frå snuplassen. Brandal Vel håper mange vil nytte det fine området, men oppmodar samtidig om å parkere i Brandal sentrum eller i steinbrotet på veg til Kvitneset.

 


Prosjektgruppa består av kulturkonskulent Christine Riise Øvrelid, Hareid kommune; arkeolog Arve Nytun, Møre og Romsdal fylkeskommune; og Brandal Vel ved leiar Annika Brandal og Håkon Eliassen, Sigurd Eliassen, Peter Andreas Brandal, Sven-Aslak Veiseth og Webjørn Landmark. Også Arve Røyset har delteke på nokre prosjektmøter. I samarbeid har prosjektgruppa utarbeidd ein plan for korleis heile Kvitneset kan takast vare på.

I prosjektet har vi også jobba for tilrettelegging av kulturminne. Visste du at vi har tre gravrøyser frå jarnalderen på Kvitneset? Brandal Friskule har delteke på dugnad, og etter kyndig rettleiing frå arkeolog Arve Nytun, er ei gravrøys rydda rein for kvist og mose.

Klikk for stort bileteArkeolog frå Møre og Romsdal fylkeskommune, Arve Nytun, fortel om gravrøysene på Kvitneset. Christine Riise Øvrelid  I samarbeid med Nytun, Hareid Historielag, Håkon Eliassen og Sigurd Eliassen, har vi utarbeidd to kulturminneskilt. Desse skilta inneheld informasjon om gravrøysene og gamle funn frå jarnalderen og om fangeleiren i Englandsvikja. I tillegg har Brandal Vel fått produsert om lag 30 informasjonsskilt om dei ulike krigsminna. Dei gir ei god oversikt over kva ruinane ein gong har vore. Utstyr til montering er innkøpt, men sjølve monteringa av skilta vert gjort på dugnad til våren.

Den gamle arresten frå krigens dagar har blitt rydda og reingjort. Her har vi nytta fagfolk til å gjere ei vurdering av tryggleiken. Dette arbeidet er framleis ikkje ferdig.

Kvitneset har stor lokal og regional verdi og målet er å gjere Kvitneset attraktivt for alle og formidle både historie og vise fram våre kulturminne.

Ta gjerne turen i jula og nyt det flotte naturområdet i kommunen vår.