Sjå dei flotte kulturminneskilta på Kvineset!

Sjå dei flotte kulturminneskilta på Kvineset!

Her finn du informasjon om gamle kulturminne og krigshistorie. I tillegg har vi rydda området for vegetasjon og oppgradert vei.

Peter A. Brandal/Brandal Vel  

Fredag 20. august 2021 vart to kulturminneskilt montert på Kvitneset.

På skilta finn du informasjon om både gamle kulturminne og informasjon om krigshistorie. Gjennom skilting av kulturminne får vi høve til å vise kva aktivitet som var i område i tidlegare tider. På skilta finn du tekst, bilete og forklaringar over område og funn på staden. Slik vert det også lettare å orientere seg i området.

Skilta er utarbeida i eit samarbeid mellom lokale aktørar i Brandal Vel som kjenner historia på Kvitneset godt, fylkeskommunen ved arkeolog Arve Nytun og Hareid kommune ved kulturkonsulent Christine Riise Øvrelid.

Målet med prosjektet har vore å gjere Kvitneset attraktivt for alle, der ein ynskjer å formidle både historie og kulturminne. Ved å fjerne vegetasjon og oppgradere av vegen, har Kvitneset fått eit løft og blitt eit flott område for friluft og rekreasjon.

No når desse skilta er kome på plass,  avsluttar vi dette prosjektet og takkar for godt samarbeid.