Velkomen til Hareid kommune!

Velkomen til Hareid kommune!

Overåsanden er ei av dei flottaste strendene på Sunnmøre. Erlend Friestad/Hareid kommune     

Her finn du flotte fjellturar, spanande historie, ei av dei vakraste strendene på Sunnmøre og masse kjekke folk.

På denne sida finn du masse spanande tips til kva du kan finne på i kommunen vår. Vi håpar at tilreisande og dei som allereie bur her kan bli inspirert til å nytte kommunen som turistar.

Hareid kommune ligg på Sunnmøre. Nærmaste naboar er Ulstein kommune, som ligg på same øy som Hareid, og Ålesund, Giske og Sula kommunar som ligg over fjorden.

Hareid har fastlandsforbindelse via Eiksundsambandet mot Ørsta og Volda og ferjeforbindelse til Ålesund (via Sulesund). Det går også hurtigbåt til Ålesund og Valderøya. På Valderøya kan du ta flybuss til Ålesund lufthamn. Turen til flyplassen tek samla om lag berre 40 minutt.

SJÅ MEIR: Her kan du overnatte

Natur

Dei fleste innbyggarane bur i bygdene Hareid, Hjørungavåg, Bigset eller Brandal. Det gjer at vi har store område med kulturlandskap og ubebygd natur. Kva med å nyte ein sykkeltur gjennom vakre Snipsøyrdalen?

I «fjellheimen» er det god plass, men kort mellom toppane. Her har du god oversikt. Snur du deg mot sør, kan du nyte syne av tindane i Sunnmørsalpane. Snur du deg mot nord, kan du kvile augene på hav og horisont. Det er også kort veg mellom dei høgste toppane og fjorden eller havet. Frå Melshornet (668 moh) er det berre ein times gange ned til Overåsanden – kanskje den flottaste stranda på Sunnmøre.

På vinteren er dei fleste toppane tilgjengeleg på ski. Tenk å stå med ski på beina på Skolma eller Brørne og sjå utover havet?

Hareid er med på Stikk Ut. På sida deira får du gode skildringar av dei 10 turmåla vi har i 2022-sesongen.

SJÅ MEIR: Her kan du ete

Historie

Hareid kommune har ei rik historie. Det er gjort ei rekke forhistoriske funn, heilt tilbake til steinalderen. Vi har vikinghistorie med slaget i Hjørungavåg som bakteppe. I Brandal finn du Ishavsmuseet, som er dedikert til den stolte ishavshistoria som bygda har. Kvitneset er spekka med krigshistorie etter at tyskarane bygde fort der ved hjelp av russerfangar under andre verdskrig. Her er det også gravrøyser frå bronsealderen.

SJÅ MEIR: Dette kan du gjere

Kultur og næringsliv

Hareid kommune har rett over 5.000 innbyggarar. Dei er ein kreativ og driftig gjeng. Kommunen har eit allsidig næringsliv som er tett knytt mot maritim industri. Det er også mange frivillige lag og organisasjonar som byr på eit rikt kulturliv. Dei frivillige organisasjonane er også med på å bidra til å gjere Hareid til ein attraktiv stad for innbyggarar og tilreisande. Mellom anna er det Hareid Rotaryklubb som har opparbeidd og vedlikeheld den flotte turstien langs Hareidselva og Hafest står for blomane i sentrum.

SJÅ MEIR: Praktisk informasjon

Artikkelliste