Kvitneset - krigshistorie og natur under fjella

Kvitneset - krigshistorie og natur under fjella

Høgreiste fjell, bårer som bryt, spanande historie og dei nydelegaste solnedgangane - det er Kvitneset oppsummert. 

 

Solnedgang i Breisundet teke frå svaberga på Kvitneset. - Klikk for stort bileteSolnedgang i Breisundet, sett frå Kvitneset. Even Sundgot

 

Kvitneset ligg på den nordlege spissen av Hareidlandet i havgapet ved inngangsporten til Storfjorden og Breisundet.

Området ligg 6 kilometer frå Hareid og du kan køyre bil heile vegen og parkere ved Kvitneset. Dei siste 2 kilometerane er smal grusveg.  Det er derfor fint å parkere bilen i sentrum av Brandal og spasere derifrå om ein ønskjer det. Turen tek om lag 30 minutt til fots.

Her kan du laste ned eit oversiktskart over Kvitneset. (PDF, 5 MB)

SJÅ MEIR? Viss du skal til Kvitneset er det fint å besøke Ishavsmuseet også. Les meir om det her.

Området er kjent frå andre verdskrig då tyskarane brukte området som kystfort frå 1941 og til krigen tok slutt. Då tyskarane kom til Brandal i 1941, tok dei seg inn i private heimar og brukte skulen i bygda til eit midlertidig hovudkvarter. På Kvitneset måtte lokalbefolkninga vere med på bygging av fortet og på det meste var arbeidsstyrken oppe i 140 mann. Det blei mellom anna bygd skytestillingar, fangeleir, kommandobunker, panservernstilling og ei rekkje tunellar og holer i berget for lagring av ammunisjon. I alt var det stasjonert 96 soldatar og 4 offiserar ved fortet då krigen tok slutt. Til vanleg var talet på russarfangar rundt 60, men på et tidspunkt var de opp i 120. 

Her kan du lese ein artikkel om korleis det var på Kvitneset under krigen.

I dag er mesteparten av desse stillingane framleis synlege sjølv om noko er forfalt og overgrodd. Området blir i dag brukt som eit populært turområde og beiteområde for sauer. På Kvitneset kan du oppleve historie, natur, sjøluft, fantastiske solnedgangar og dei store bølgene frå ope hav på uvêrsdagar.