Nessetelva - ynda barnevenleg teltplass

Nessetelva er ein ynda utfartsstad - både for dagsturar og overnatting. Edith Voksøy Steinsvik Friområdet ved utløpet av Nesset er perfekt til dagsturar eller overnatting i telt. Her kan du grille, bade og leike deg i småbekkane.

Nessetelva er det eit kommunalt friområde. Nederst mot Snipsøyrvatnet deler elva seg i fleire greiner slik at det dannast små øyer. Det er lagt ut små bruar som gjer at du kjem deg frå øy til øy, men ofte er det nok å hoppe eller vade litt. 

Dette er er ein mykje brukt plass for telting og dagsturar. Det er fleire bålplassar i området og ei lita strand.

Området er svært barnevenleg og det er mykje kjekt å oppdage i og rundt elvedeltaet.

Viss det er fullt på parkeringsplassen ved vegen ned til elva, kan ein parkere 100 meter lenger nord på parkeringsplassen for dei som skal til Hammarstøylvatnet.

Når du fyrst er i området, er det fint å stikke innom Holesanden også.