Raudesanden – perfekt for dei minste

Raudesanden er langgrunn og egnar seg derfor særleg for dei minste barna. Halvard Grimstad På Raudesanden blir vatnet raskt varmt, det er langgrunt og det er sand å leike med. 

Raudesanden er ei lita sandstrand i Grimstadvatnet og har fått namnet sitt etter den raudlege sanden.

På land er det ei lita grasplen der ein kan slenge ut handduk eller piknikteppe.

Grimstadvatnet er eit naturreservat og i vestlege delar av vatnet er det ferdselsforbod frå 1. april til 31. juli.

Det er ingen parkeringsplassar knytt til stranden. Nokre få bilar kan stå i ei ubrukt lomme langshovudvegen. Elles er det mogleg å parkere på parkeringsplassen der Hareidsmyrane krysser elva. Det tar om lag 15 minutt å gå herfra, langs frodige Hareidselva (grussti).