Hjørungdalsvatnet

Hjørungdalsvatnet

Bade, padle, fiske eller gå på skeiser? Hjørungdalsvatnet kan nytast både sommar og vinter. 

Dronebilete av Hjørungdalvatnet sommarstid. - Klikk for stort bileteI Hjørungdalvatnet kan du både fiske og bade. På vinteren er det god skeiseis. Victoria Rinde

 

Hjørungdalsvatnet ligg mellom Melshornet og Åsefjellet i Hjørungavåg. Vatnet er eit naturreservat med eit rikt fugleliv. Fiske har tradisjonelt stått sterkt i Hjørungdalsvatnet, og det har ei god aurestamme i tillegg til røyr. Vatnet har tradisjonelt blitt mykje nytta som rekreasjon sommarstid. Det er bademuligheiter og nyttar ein robåt, kajakk og kano vil ein få ein fantastisk naturoppleving. 

Vatnet har øyar og områder med vassliljer. I tillegg blir vatnet mykje nytta vinterstid til å gå på skøyter då det som oftast er særs god is-kvalitet.

Det er fleire vegar ned til Hjørungdalsvatnet , men det mest nytta er å ta til venstre cirka 150 meter etter Hjørungavåg bedehus. Der går det ein « kjerreveg» ned til vatnet.