100 bøker før du er 6 år – Ny lesekampanje for dei yngste barna

No kan småbarnsfamiliar på Hareid bli med på ein ny lesekampanje. Møre og Romsdal fylkeskommune lanserer «100 bøker før du er 6 år» for alle småbarnsfamiliar i fylket.

barn som les - Klikk for stort bilete Pexels.com

Kampanjen er retta mot barn i barnehagealder, og går ut på at ein les, eller blir lesen for, 100 bøker før skulestart. Undervegs kan barna få lesebuttons på biblioteket for kvar 25. bok, før dei til slutt får eit eige superlesardiplom.

På Hareid folkebibliotek kan familiar hente kampanjehefte med masse gode boktips og der kryssar de også av bøker som de har lese.

Biblioteket har eiga utstilling med bøker frå heftet og på biblioteket får barna også utdelt små premiar undervegs.

 

Meir motiverande

Målet er å gjere det enklare og meir motiverande for familiar å lese saman i kvardagen, og å styrke rolla biblioteka spelar som møteplass og ressurs for lesing og formidling.

«100 bøker før du er 6 år» er inspirert av tilsvarande opplegg som er i bruk andre stader i landet, og kjem som eit supplement til etablerte lesetiltak for eldre barn, som Sommarles.

 

Håpar på leseglede

Biblioteket håpar kampanjen vil bidra til meir leseglede og skape gode lesevanar tidleg i livet.

Kampanjen er finansiert med midlar frå Nasjonalbiblioteket, og er etter idé frå biblioteka i Vestfold. 

Velkomen til biblioteket!