14. januar: Framleis gult nivå i barnehage og skule

Vi har hatt ei oppblomstring av smitte siste veka. Ein god del av smittetilfella er knytt til skule og barnehage. For å få oversikt, vel vi å køyre gult nivå i skule og barnehage minst ei veke til.

 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Regjeringa letta på tiltaka torsdag 13. desember. Gult nivå i skule/barnehage er no ikkje ein regel, men eit råd. Det vil no vere opp til kommunen å vurdere fargenivå etter den lokale smittesituasjonen.

Vi har hatt ei oppblomstring av smitte den siste veka. Tala i seg sjølv er ikkje så høge om vi samanliknar med resten av landet. Likevel, trenden er kraftig stigande, og for å få oversikt, vel vi å køyre gult nivå i minst éi veke til. Vi vil gjere ei ny vurderingar veke for veke.

Sidan gult nivå no berre er eit råd, tillet vi oss også å lette på nokre av tiltaka for å gjere skule- og barnehagedagen enklare for både tilsette og barn. Her vil det vere lokale tilpassingar, og den enkelte skule og barnehage vil informere dei føresette om desse.

Ulstein kommune køyrer også gult nivå med nokre lokale tilpassingar.