17. januar: 26 nye tilfelle meldt i helga

Eit større utbrot ved ei lokal verksemd og fleire enkelttilfelle gir oss eit kraftig hopp i smittetalet.

 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

7 smittetilfelle blei stadfesta fredag, 17 på laurdag og 2 i går. Blant dei smitta er det ingen barn. Dei fleste er unge vaksne utan barn. Førebels har alle mild sjukdom.

Større utbrot

Om lag halvparten av desse 26 tilfella er knytt til eit utbrot på ein lokal verksemd. Denne verksemda har tatt grep for å slå ned utbrotet.

- Dei gjer no alt dei skal gjere. Dei testar alle tilsette. Dei tilsette går også med maske og held avstand, fortel smittevernlege Vidar Vollsæter.

Han opplyser at smittetalet frå dette utbrotet er venta å stige då dei har fått endå fleire positive hurtigtestar i helga. Desse vil bli stadfesta med laboratorietest (PCR) i dag, måndag.

Få i karantene

Ifølgje dei nye reglane for karantene som regjeringa la fram 13. januar, er det berre husstandsmedlemmar eller tilsvarande nære (kjærastar, overnattingsbesøk mm) som må i smittekarantene. Men også frå denne regelen er det unnatak. Er det gått minst éi veke sidan oppfriskingsdosen, eller du har hatt covid-19 dei siste tre månadane, slepp du også smittekarantene dersom du hurtigtestar deg kvar dag.

Endra smittesporing

Smittevegen til desse tilfella er ikkje kjend. Vi reknar med at det er ein del virus i omløp i lokalsamfunnet. Slik vil det vere framover. Kommunane skal heller ikkje prioritere å smittespore «vanlege» tilfelle slik situasjonen er no. Tidlegare var det kommunane som kontakta kvar enkelt nærkontakt. Regjeringa legg no opp til at det vil det vere opp til den enkelte smitta å varsle sine nærkontaktar.

Meir om dette kan du lese her.

Bekymra?

Høge smittetal kan sjå veldig skummelt ut, men omikron-varianten er ikkje så farleg som tidlegare variantar. FHI har rekna på det og omikron gir betydeleg lågare risiko for å hamne på sjukehus enn deltavarianten. Tala er usikre, men ligg på rundt 0,2-0,3 prosent risiko for innlegging. Som vaksinert er det derfor lite å bekymre seg for. Uvaksinerte bør sterkt vurdere å vaksinere seg for å reduserer risikoen.

Kva gjer vi no?

Vi følgjer med på smittetala, men vi ser ingen grunn til å innføre ekstra tiltak her på Hareid. Dei nasjonale råda og reglane er gode nok. Regjeringa skriv sjølv at det ikkje er ønskeleg å slå ned denne bølgja. Målet er å bremse ho slik at toppen ikkje blir for spiss.

For å bidra til dette må du halde fram med å halde deg heime når du får symptom i tillegg til å teste deg. Hald avstand til dei du ikkje bur med og tenk gjennom kor mange nærkontaktar du har.

Hareid kommune melder normalt smittetal éin gong i veka, men på grunn av det høge smittetalet i helga, og utbrotet på verksemda, valde vi å melde også i dag, måndag, trass rapport fredag.