Les meir: Opnar nytt asylmottak Hareid
I samband med dette vil vi opne eit mottak for klede i kjellaren på Melshorn hotell. Her vil vi ta imot klede og sko. Nytt inngangen på nedsida mot Bunnpris.
Vi reknar med at det vil kome mange barnefamiliar, så vi blir veldig glade for leikar til barn i alle aldrar, frå barn til ungdom.
Vi tek også imot barnesengar, barnevognar og barnestolar.
Det som blir donert må vere heilt, fint og reint.
Fyrste opningsdag for å donere klede er måndag 28. august klokka 17-1830.
Framover vil vi ha ope andre og siste måndagen i månaden frå 17-1830.
Ved spørsmål ta kontakt med oss på telefon nr 46 93 46 69.