I Ulstein kommune har det vore tre tilfelle siste vekene der elevar har blitt forsøkt lokka inn i bil.
Illustrasjonsbilete
Pexels.com
Ulstein kommune har derfor sendt ut ei melding til alle føresette med viktige påminningar. Vi ikkje har høyrt om liknande tilfelle i Hareid kommune, men sidan det er korte avstandar her på øya, ønsker skulesektoren i Hareid kommune å dele desse påminningane med våre føresette:
- Snakk med barna om kor viktig det er å seie nei til framande og halde seg på trygt område.
- Minn barna om å gå saman med andre når det er mogleg, og å varsle ein vaksen dersom noko uvanleg skjer.
- Ta kontakt med skulen eller politiet dersom de har informasjon som kan vere relevant.
Ulstein kommune samarbeider med politiet i saka.
Publisert 21.11.2025 14:42
Sist endra 21.11.2025 21:30