Avkøyrsle ved Kjøsaplassen er stengd - Hareid kommune

Avkøyrsle ved Kjøsaplassen er stengd

Hareid kommune har stengt den midlertidige avkøyrsla ved Kjøsaplassen. No arbeider vi med reguleringsplan og søknad om permanent avkøyrsle til fylkesvegen.

viser bilete av gjerde som er sett opp over vegen - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Den midlertidige avkøyrsla ved Kjøsaplassen blei oppretta som anleggsveg under bygginga av Plassane. Løyvet er no utgått, og vegen måtte difor stengjast etter pålegg frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Kommunen arbeider no vidare med ny reguleringsplan for området og søknad om permanent avkøyrsle som kommunal veg. Før dette er på plass, vil den midlertidige avkøyrsla vere stengd. Det er førebels ikkje klart når permanent avkøyrsle kan etablerast og takast i bruk. Vi kjem tilbake med ny informasjon når arbeidet har kome lenger.