Avsluttar prosjekt 80-årsbesøk

I 2023 starta Hareid kommune eit prøveprosjekt med å tilby heimebesøk til 80-åringane i kommunen. Forebyggande heimebesøk er ein oppsøkande individretta råd- og rettleiingsteneste til heimebuande eldre. Føremålet var at eldre kan bo lengst mogleg i eigen heim, med god tryggleik og livskvalitet, og samtidig forebygge og utsette behovet for omfattande omsorgstenester.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.
dronefoto Hareid sentrum med tåke - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Prosjektgruppa erfarer at om lag halvparten av 80-åringane valdte å takke nei til 80-årsbesøk. Vidare vurderer vi at ved 80-års-alder kjem vi for seint inn med informasjon og anbefalingar til innbyggarane.

Vi jobbar derfor no med tiltak som skal femne om fleire eldre, tidlegare i livsløpet, slik at vi kan bidra til økt meistring i eige liv og redusere framtidige behov for helse- og omsorgstenester gjennom å førebygge sjukdom og einsemd, samt fremje helse, funksjonsevne og deltaking.

Erfaring nasjonalt viser at dersom vi kan nå seniorane tidlegare vert det lettare for dei å ta tak i eige liv, bustad og gjere endringar som er nødvendige for å kunne bu trygt heime.