Bak trivsel og læring ligg eit sterkt fellesskap - fagdag for tilsette i barnehage og skule

Kva er det som gjer at eit barn gler seg til å gå i barnehagen eller på skulen? Kva er det som får barn til å kjenne at dei høyrer til, blir sette og får vere seg sjølve? Korleis kan vi saman skape trygge fellesskap der alle barn og unge opplever trivsel, inkludering og meistring?  

kvinne som står framfor ein storskjem. i forgrunnen er bakhovudane til dei som ser på presentasjonen - Klikk for stort bileteMobbeombodet i Møre og Romsdal, Kristin Øksenvåg Lene Renate Veiseth

Dette var hovudtema då tilsette i barnehage og skule i Hareid kommune deltok på fagdag med mobbeombodet i Møre og Romsdal, Kristin Øksenvåg.  

Gjennom dagen fekk dei tilsette auka kunnskap om kva barn treng for å trivast, lære og utvikle seg. Eit sentralt bodskap var at barn har grunnleggande behov for tryggleik, tilhøyrsle, meistring, meining og medverknad. Når desse behova blir møtte, legg det grunnlaget for gode oppvekstmiljø og sterke fellesskap.  

Kjenneteikn på trygge fellesskap

Deltakarane arbeidde også med å forstå kva som kjenneteiknar trygge fellesskap, og korleis vaksne kan bidra til å førebyggje mobbing, krenkingar og utanforskap. Fagdagen løfta fram at gode relasjonar, tydelege vaksne, samarbeid med føresette og eit systematisk arbeid med miljøet er blant dei viktigaste faktorane for at barn skal ha det trygt og godt.  

Eit anna tema var regelverket som skal sikre barn og elevar eit trygt og godt miljø. Dei tilsette reflekterte over kva nulltoleranse mot krenkingar betyr i praksis, og korleis dei skal handle dersom dei ser eller får mistanke om at eit barn ikkje har det bra. Aktivitetsplikta stod sentralt i arbeidet.  

Gjennom døme, gruppearbeid og refleksjonsoppgåver fekk deltakarane også innsikt i korleis miljø i grupper kan utvikle seg i negativ retning dersom ein ikkje fangar opp signal tidleg nok. Samstundes vart det lagt stor vekt på kva som kan styrkje fellesskapet og førebyggje at mobbing og utanforskap får utvikle seg. 

 

Det barn og unge treng

Målet med fagdagen var å styrkje den felles forståinga av kva barn og unge treng, og korleis barnehage, skule og heim saman kan bidra til at alle opplever eit trygt, godt og inkluderande oppvekstmiljø.  

Eit gjennomgåande tema var at arbeidet med eit trygt og godt oppvekstmiljø ikkje handlar om enkeltståande tiltak, men om dei små handlingane som møter barn kvar dag: vaksne og medelevar som ser, lyttar, bryr seg og tek ansvar saman. At kvart barn skal oppleve at dei høyrer til, har nokon å vere saman med, og møter ein kvardag prega av omsorg, respekt og fellesskap. Barn utviklar seg ikkje berre i møte med barnehagen eller skulen, men i samspel med familie, vener og lokalsamfunnet rundt seg.  

Når vaksne samarbeider, viser omsorg og tek ansvar for fellesskapet, gir vi barn og unge eit sterkare grunnlag for å trivast, lære og utvikle seg.