Christine Erdal
Femteklassingar frå Bigset skule, Hjørungavåg skule og Hareid skule tok plass i kommunestyresalen og fekk prøve seg som ekte politikarar for ein dag.
Ordførar Bernt Brandal leia møtet, med god støtte frå Kristian Stråmyr i administrasjonen. Elevane fekk innføring i korleis eit kommunestyremøte fungerer, før dei sjølv deltok i drøftingar, kom med forslag og heldt innlegg frå talarstolen – akkurat slik dei folkevalde gjer det.
Det var stort engasjement og mange kloke tankar då sakene skulle handsamast. Elevane diskuterte både skulemjølkordninga og trygg skjermbruk, og synte gjennom heile møtet at dei tek viktige val på alvor.
Barnas kommunestyre gir elevane høve til å lære korleis demokrati fungerer i praksis – og denne dagen viste dei at framtida er i gode hender.
Opplegget er forankra i Læring Næring‑avtalen, som næringslivet, kommunen og skulane har skrive under på. Gjennom avtalen skal elevane få innsikt i korleis samfunnet fungerer, og byggje kompetanse og forståing for lokaldemokratiet og arbeidslivet.