Barnehage og skule går saman i utviklingsprosjekt

Barnehage og skule skal dei neste to åra drive utviklingsprosjekt saman. Satsinga heiter inkluderande barnehage- og skulemiljø og er ei nasjonal satsing.

I januar var det oppstartssamling for pedagogar i barnehage, skule og dei tverfaglege samarbeidspartnarane. 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Barnehage og skuleleiarane var saman med sektorleiing samla på Gardermoen for fagleg påfyll i arbeidet inn mot einingane. Vi har no arbeidt på leiarnivå med ein overordna plan, og no skal kvar eining  samskape med sine tilsette ein plan for denne satsinga.

I januar hadde vi oppstartssamling for pedagogar i barnehage, skule og dei tverfaglege samarbeidspartnarane våre (PPT, barnevern, helse og velferd). Alle vart delt inn i grupper på tvers og  arbeidde med refleksjonar kring verdiar i barnehage og skule knytt til Rammeplanen og Fagfornyinga. Kva verdiar er like i barnehage og skule, og er der skilnadar i fagplanane?  Alle måtte også vere ganske personlege kring vaksenrolla si i møte med barn og elevar.

Vil du ha nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen? Meld deg på nyheitsbrev her!

Dei neste to åra skal vi i samarbeid med det tverfaglege samarbeidspartnarane rette merksemda mot vaksenrolla, trygt miljø og profesjonsrolla i barnehagar og skular. Heimane og FAU vil verte involverte i satsinga gjennom foreldremøte. Stortingsmelding 6 seier vi må byggje laget rundt barnet og eleven, og gjennom denne satsinga ynskjer vi å utvikle eit enno betre samarbeid mellom barnehage, skule og det tverfaglege for å skape trygge barnehage og skulemiljø.

Gjennom dei neste to åra skal ein arbeide med satsinga i på den enkelte skule og barnehage, men nokre gongar i løpet av året vil pedagogar møtast på tvers av skular og barnehagar i lærande nettverk for å utvikle praksis saman. Alle tilsette skal involverast i satsinga anten på dagtid eller på personalmøter på kvelden. Vi må utvikle oss saman til det beste for barnet.