Bassengtrening for gravide

Kommunane Hareid og Ulstein samarbeider om bassengtrening for gravide på Ulstein Arena, kvar måndag frå klokka 1515-1615.

interiørbilete svømmehall - Klikk for stort bilete Ulstein kommune

Tilbodet er gratis og følger skuleruta, med opphald i feriane.

Treninga har fokus på styrke og uthald, men også pust og avspenning. Øvingane kan tilpassast individuelt, og passar for alle gravide, også dei med bekkenproblematikk.

Instruktør hausten 2025 er fysioterapeut Kjersti Vengen Jensen frå Ulstein kommune.

Tilbodet er gratis, men du må melde deg på i forkant. Last ned appen Spond og legg inn 
gruppekode KXYZX