Erlend Friestad
Hurtigbåten mellom Hareid, Valderøya og Ålesund knyter saman arbeidsplassar, flyplassen og fritidstilbod på begge sider av Breisundet. Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvaret for kollektivtilbodet. Det er difor breva er sende dit.
Vil behalde to viktige morgontilbod
Bakgrunnen er ruteendringar som skal gjelde frå 1. januar 2027. I begge breva ber avsendarane fylkeskommunen om å reversere avgjerda om å fjerne:
- Avgangen frå Hareid kl. 05.45. Denne gjer det mogleg å nå morgonflya frå Ålesund lufthamn Vigra.
- Anløpet på Valderøya kl. 06.55. Dette gir arbeidstakarar frå mellom anna Giske kommune og Ellingsøya høve til å pendle til arbeidsplassar på Søre Sunnmøre.
For Valderøya handlar endringa om at båten frå Ålesund skal gå direkte til Hareid, utan å stoppe på Valderøya. Det er altså stoppet som blir teke bort, ikkje heile avgangen frå Ålesund.
Vertskommunane ber om å snu
I det eine brevet står ordførarane Håkon Lykkebø Strand i Ålesund, Bernt Brandal i Hareid og Kenneth Langvatn i Giske saman om å be om at rutetilbodet blir halde oppe. Dette er dei tre kommunane der hurtigbåten legg til kai. Brevet er sendt til fylkeskommunen, fylkesordførar Anders Riise og samferdselsutvalet.
Ordførarane peikar på at pendlarstoppet på Valderøya er viktig for bedrifter som treng fag- og leiarkompetanse frå andre sida av Breisundet. Dei meiner at innsparinga ved å sløyfe stoppet må vere marginal samanlikna med konsekvensane for pendlarane og næringslivet.
Dei løftar òg fram den tidlege avgangen frå Hareid som viktig for den eksportretta maritime industrien. Sambandet med morgonflya gir tilgang til kundar, leverandørar og prosjekt i inn- og utland.
Ber òg om eit betre samla tilbod
Det andre brevet er sendt til fylkesordførar Anders Riise og Hans Olav Myklebust. Bak brevet står ordførarane Bernt Brandal i Hareid og Stian Skorgen Scheide i Ulstein, saman med Christine Erdal, dagleg leiar i Hareid Vekst, og Anna Klara Måseide, dagleg leiar i Ulstein Næringsforum.
Også her er bodskapen at dei to morgontilboda må vidareførast. Hareid Group peikar på at den tidlege avgangen frå Hareid er avgjerande for dagsreiser til Oslo, og at neste båt frå Valderøya kjem for seint til arbeidsstart. Dimo og Ulmatec stadfestar at ruteendringane får tilsvarande konsekvensar for dei.
Dette brevet tek i tillegg opp kva som skal til for at hurtigbåten skal vere eit reelt alternativ i kvardagen:
- Båtar og reservefartøy med nok kapasitet, som er eigna for vêr- og sjøforholda på sambandet.
- Prisar som stimulerer til bruk, særleg for dei som reiser ofte.
- Rutetider som passar med buss og fly, slik at heile reisa fungerer.
- Kveldsavgangar som gjer det mogleg å delta på kultur-, idretts- og fritidstilbod og kome seg heim etterpå.
Avsendarane har forståing for at fylkeskommunen må prioritere innanfor stramme økonomiske rammer. Samstundes ber dei om at konsekvensane for arbeidsmarknaden, næringslivet og dei reisande blir tekne med i vurderingane. Dei ønskjer ein gjennomgang av det samla hurtigbåttilbodet saman med kommunane, næringslivet og dei reisande.
Les breva her:
Behald rutetilbodet over Breisundet – brev frå ordførarane i Giske, Hareid og Ålesund (PDF)
Hurtigbåten må vere eit reelt alternativ – brev frå Hareid og Ulstein kommunar, Hareid Vekst og Ulstein Næringsforum (PDF)